Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Døden i Venezia av Ymist

Kjøp billetter her
Korleis overtyder me oss sjølve om at avgrunnen ikkje finst – medan styrtregn skyl over oss, menneske flyktar, og sanninga blir forvrengd til det absurde?
Verda vaklar, uroa og redsla snik seg på. Men påverkar dette oss eigentleg? Får det oss til å handla? Gustav von Aschenbach i Thomas Manns Døden i Venezia gjer som mange av oss: Han spring heim og bestiller ferie til Syden.

Framsyninga undersøker eit menneske som nektar å erkjenne at døden har inntatt manesjen, og som heller søkjer sjølvbedrag og begjær. Gjennom eit samspel mellom distansert tekst, brutalt koreografisk materiale og eit forførande musikalsk uttrykk, blir denne menneskelege tilstanden utforska.

Ymist arbeider i eit scenisk språkområde der koreografert rørsle er like viktig som talte ord. Skodespelaren sin kropp, stemme og fysikk blir eit kunstnarisk brennpunkt, og elementa utfordrar kvarandre i staden for å illustrere. Med ikkje-dramatiske, litterære tekstar som utgangspunkt er målet å gje litteraturen kropp og å gje teksten sin materialitet ei fysisk form.

Varighet: Ca 90 min
Språk: Nynorsk
Betal det du kan!

Mer info: https://rosendalteater.no/program/doden-i-venezia
Billetter

Sist oppdatert: 12/09/2024

Kilde: Hva skjer kalender

Døden i Venezia av Ymist

Billetter

Sider du nylig har besøkt