Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

D.D.E. - GRAITEST HITS

Mer info

D.D.E. - GRAITEST HITS er ein konsert med eit bredt
utval av bandet sine kjende og kjære låtar, servert i tospann med historier frå
starten og over 30 år på vegen!
 
I meir enn 30 år har D.D.E. laga låtar, spelt og underhalde det norske folk. Tre-fire generasjonar har sunge med, dansa, ledd og gråte, i heimen, i bilen, i båten, på hytta, og ikkje minst på festivalar og på festlokalet. No legg bandet for første gang ut på ein landsdekkande kulturhusturné med ikkje berre hittane, men også nokre av dei litt mindre spelte perlene. Kulturhuskonserten «D.D.E. – GRAITEST HITS» handlar sjølvsagt først og fremst om låtane, men sentral er også Frodes gamle amerikakoffert. Ut av den blir
det henta minne og historier, og bandet tar deg med i turnébussen og på øvingslokalet. Det handlar om starten, om å skapa og ville noko, om møte med fans, og ikkje minst ein god porsjon røvarhistorier.
 
D.D.E. – GRAITEST HITS er 90 minutt med trivsel, allsong og
gode historier.

Sist oppdatert: 04/17/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt