Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

deLillos' vakreste

I fire tiår har deLillos vore eit av landets viktigaste pop- og rockband, og dei har stødig levert kvalitet både tekstleg, musikalsk og kreativt. Kompromisslause i sitt uttrykk og tru mot sitt eige univers og eigen planet, samstundes som dei alltid har utfordra det kreative både når det kjem til format og innhald. deLillos sin katalog er ein del av vår historie. Klassiske songar og album som blir oppdaga av stadig nye generasjonar publikum.

Og for fansen er det mange songar. deLillos har laga så mange songar. Og det kjem stadig fleire. Heldigvis.
Songar vi elskar å høyre på plate og radio, og songar vi ønsker å synge med på på konsert.

Men så er det alle desse fine songane som vi ofte ikkje får servert på konsert. Dei meir stemningsfulle songane som ofte er ganske melodiøse. No skal deLillos ut å spele nettopp desse.

- Vi har ofte snakket om å gjøre mer ut av denne delen av vår katalog. Det er mange av dem og publikum spør etter dem. Nå har vi bestemt at dette blir noe av, og vi fant ikke på noe bedre enn å døpe denne konsertserien «deLillos’ vakreste». Vi håper dette blir til glede for vårt publikum; deLillos

Sist oppdatert: 12/03/2023

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt