Den heilage kua - om å føde ein normann
- Øvre Ole Bulls Plass 6, Bergen
- 24. mars 2023
- (1 Upcoming Dates)
Velkommen til arbeidsvisning av "Den heilage kua - om å føde ein nordmann" med Roseane dos Reis. Etter visninga vil det finne stad ein prat på scenekanten. Namn på delatakarar i samtalen kjem.
«Du behandlar meg som ei ku!» det var det eg sa til legen då eg skulle føde i Noreg. Den heilage kua - om å føde ein nordmann er ein arbeidsvisning med utdrag frå eit sjølvskrive manus i utvikling. Dette er ei humoristisk og poetisk forteljing om ei innvandrarkvinne sitt fyrste møte med fødselsomsorgen i Norge. Forteljinga ynskjer å utfordra den stereotypiske tanken om den utenlandske kone og mor, lufte tankar kring likestilling sett frå ein innvandrar sin ståstad, og invitere publikum til kritisk refleksjon rundt integrering. Teksten er i utvikling, og er inspirert av både norrøn mytologi, intervjumateriale med innvandrarkvinner, samfunnsdebatt om fødselsomsorg og eigne opplevingar. Etter visninga vil det finne stad ein prat på scenekanten. Namn på delatakarar i samtalen kjem.
- Last Updated: 22.03.2023
- Source: Visit Bergen
Den heilage kua - om å føde ein normann
- 24. mars 2023
- What's Nearby