Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Den store kjærligheten

Overview

Finst kjærleiken som varar heile livet igjennom? Den kjærleiken som held ut alt og tåler alt? Finst den kjærleiken som er like sterk frå fyrste møte til siste slutt? Kor unike er liva våre?

 

Buskerud Teater har jobba med 'Den Store Kjærligheten' i fire år, frå ide til gjennomføring denne hausten. Våren 2016 byrja arbeidet med å samle inn historier frå Buskerud, og i løpet av året kom det inn nok historier til å ta fatt på arbeidet med manuskriptet. Våren 2017 var teaterstykket 'O bli hos meg' klart, og 33 lokale skodespelarar fekk utlevert eit manus med nyskriven dramatikk basert på lokale kjærleikshistorier frå Buskerud. Det er også med 6 skodespelarar frå Hallingdal i produksjonen.

 

I forestillinga møter me Helga Marie og Arvid Moe, eit ektepar frå Vikersund, borna deira og den utvida familien. Me møter familien Moe ein sjebnesvanger dag i 1981, og følgjer Helga Marie og Arvid sin kjærleik for kvarandre og korleis eit langt liv med eksterne og interne konfliktar legg press på ekteskapet deira og trua dei har på kvarandre.

 

Arrangør/produksjon: Buskerud Teater. Dramatikar/regissør: Adam Levine. Omsetjar: Sigvor Skjeie. Musikalsk ansvarleg: Petter Anthon Næss Koreograf: Mana Rambod

 

NB! Kjøp tildig rabatt: Kjøper du billett innan utgangen av august betalar du berre 275,- (normal pris 330,-)

  • Last Updated: 21.09.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

lør 14. oktober 2017 18:00

See All
Den store kjærligheten
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad