Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Det er her vi kommer fra

Overview

Det er her vi kommer fra er basert på eit knippe av Levi Henriksen sine kritikarrosa noveller, henta frå «Feber», «Ned ned ned» og «Alt det som lå meg på hjertet».

Når ein trubadur vender heim, prøver han å finne ut kva som har skjedd med menneska i bygda sidan han reiste. Han møter eit eldre ektepar som gøymer seg for lensmannen. Han møter ei kvinne som blir lokka inn i pinsemenigheten. Han møter nokre systre som innleiar eit forhold til same mann. Men eigentleg er trubaduren på veg til bror sin. Eigentleg leitar han etter ei ung kvinne som han aldri har gløymt. Eigentleg er det ein sang han prøver å spele; eit liv han prøver å stable på beina.

Det er her vi kommer fra samlar eit knippe forteljingar frå lokalsamfunnet, med eit attkjennande, leikent og kjenslevart uttrykk. Det er eit stykke om heimkomst og oppbrot, om musikken i liva våre og dei små stadene i oss alle. Forestillinga varar i ca 1 time og 20 minutt utan pause.

Regissør: Kim Sørensen // Dramatikar: Thomas Marco Blatt // Scenograf/kostymedesignar: Gjermund Andresen // Lysdesignar: Martin Myrvold // Komponist: Johannes Winther Farstad Med: Johannes Winther Farstad // Reidar Sørensen // Kristian Winther // Dagrun Anholt // Ulla Marie Broch // Maria Pontén // Joseph Angyal

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan ein kjøpe middag før forestillinga, denne gongen på Thon Hotel Hallingdal Middagsserveringa startar kl 16.00

MENY:  • Ovnsbakt torskelion med urtesaus, duchesspotetar og grønsaker julienne. • Ostekake med fruktcouli

  • Last Updated: 17.12.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

lør 10. februar 2018 18:00

See All
Det er her vi kommer fra
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad