Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Dobbeltkonsert med Sarah Jory og Bearfarm. Musikalske kontrastar.

Sarah Jory
Til historias fyrste Håsong er me så heldige å få besøk av engelske Sarah Jory. Ho har mellom mykje anna vore turnémusikar for Van Morrison, og medverkar på fleire av albuma hans. Sarah er også songar og gitarist, og har gjeve ut fleire soloalbum. 
Dette blir ein konsert der Sarah spelar frå eige materiale, backa av gitarist Erik Rolland og musikarar frå The Last Hurrah(!!). Det kan nemnast at Sarah, tidlegare på dagen, er gjestemusikar under konserten med The Last Hurrah (!!) Big Band i Hosanger kyrkje.

Medverkande:
Sarah Jory
Erik Rolland
Stein Inge Brækhus
Andreas Naustdal
Ben Eriksen

Bearfarm

Gjennom årevis med musikalsk eksperimentering har Bearfarm utvikla ein unik lyd og kommunikasjon seg imellom. Så når musikken (som er improvisert) blir spela, risikerer ein å bevege seg innan eit vidt stilspekter, og vitsing med klisjear er ikkje til å unngå. Bandets einaste interesse er å skapa gode vibbar og kosa seg på scena og saman med publikum. 

Mederkande:
Audun Waage: trompet, synthar, samplarar, perkusjon
Alexander Grieg: kontrabass, lydeffektar, synthar
Jonas Raabe: synthar, modular, samplarar, trommemaskiner
Jørund Gundersen: trommer, synthar

Sist oppdatert: 05/28/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt