Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Nordfjord Selje

Dragseidspelet - På Sverdeggja

  • Dragseidet, Stadlandet, Stadlandet
  • +47 90994614
  • 8. juni 2019 - 9. juni 2019
  • (2 Upcoming Dates)
Overview

Året er 997. Kong Olav Tryggvasson har kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet.

Der møtest dei, kongshæren og bondehæren med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla fylke. Med seg har Kongen 'den nye trua'; kristendomen. Beskjeden til dei heidenske vikingane er klar: Ta i mot trua, eller kjemp ein dødens kamp mot Kongen sin sterke hær av kristne soldatar.

Dragseidspelet "På Sverdeggja" er eit frilufsspel med bakgrunn i Kong Olav Tryggvasson si kristning av fire fylke, som i følgje historia skal ha funne stad på Dragseidet på Stadlandet i år 997. Spelet er skrive av Rolf Losnegård og vart for første gong presentert ved det storstilte 1000års-jubileet for hendinga i 1997. Eit vikingtun vart bygd opp på staden der hendinga etter sagnet skal ha funne stad. Rundt 8000 menneske såg jubileums-forestillingane, som vart opna av Hans Majestet Kong Harald. Sidan jubiléet i '97 har Dragseidspelet blitt synt 11 gongar,og i høve jubileet i 2011 tok Losnegård pennen fatt og tok spelet til nye høgder med ein ny rollefigur og ein marknad i forkant av spelet.

Den historiske kjelda til spelet ligg i Snorre og i Dagfred Berstad si omsetjing av delar av Flatøyarbok frå islandsk til norsk. Her ligg også grunnlaget for historia om hovudpersonen i spelet, Ragnvald frå Ervik på Stadlandet. Ragnvald er ein høgt akta stormann. Som Kongen sin fange spelar han, og familien hans, ei framtredande rolle i handlinga.

Dramaet balanserer på sverdeggja, frå klingande sverd til opprivande, sterke kjensler og kjærleik.

  • Last Updated: 12.03.2019
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Dates

lø. 8. juni 2019 15:00

sø. 9. juni 2019 15:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Dragseidspelet - På Sverdeggja
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad