Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Draumkvedet-seminar 2024: Ein thriller frå mellomalderen

Mer info

Velkomen til årets seminar om Draumkvedet!

DRAUMKVEDET I VÅR TID 2024

Tema for årets seminar: Draumkvedet – ein thriller frå mellomalderen

Draumkvedet er den mest gåtefulle av mellomalderballadane som er funne i Noreg. Teoriane om opphav i tid og rom varierer stort, og mangfaldet i tolkingane er nesten like dramatisk som innhaldet. Ikkje minst har det vore spekulasjonar om dei mange eigenarta stadnamna som er nemnt i kvadet. Kan dei bidra til ei løysing av mysteriet?

Anne Lognvik og Petter Melsom har laga ein ny film om Draumkvedet som får sin førpremiere på seminaret. Me får òg besøk av forfattar Vidar Sundstøl som har skrive ein ny og kritikarrost roman med motiv frå Draumkvedet. Kulturhistorikar Herleik Baklid fortel om ny forsking kring stadnamna i Draumkvedet – ved eksempelet «Broksvalin».

Så blir det ekskursjon til vakre Grimdalstunet og Draumkvedet-måleria til Karl Erik Harr.

Kvelden før blir Draumkvedet framført i Eidsborg stavkyrkje av tre kvinner: Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Magnhild Garnås Haugen og Ingvill Marit Buen Garnås.

Velkomen til det tredje seminaret om Draumkvedet i Eidsborg!


PROGRAM

Fredag 19. april

Konsert i Eidsborg stavkyrkje

Kl. 19.00: Draumkvedet framført av Ingebjørg Lognvik Reinholdt, Magnhild Garnås Haugen og Ingvill Marit Buen Garnås

Parkering rett ved stavkyrkja eller på museet sin parkeringsplass.
Billett kr. 250,- for dei som ikkje deltek på seminaret laurdag. Kjøpast i museet frå kl.18.00.

Laurdag 20. april

Museusmsbygget i Eidsborg

Kl. 8.30                 Kaffe og mingling

Kl. 9.00                 Velkomen og innleiing v/VTM

Kl. 9.30                 «Draumkvedet – ein thriller frå mellomalderen», ca. 40 min. Film av Anne Lognvik og Petter Melsom. Førstegangsvising og førpremiere. Diskusjon og attendemeldingar til filmskaparane

Kl. 10.30               Kaffepause. Utstillingene er opne

Kl. 11.00               «Stadnamn i Draumkvedet med særleg vekt på Broksvalin» ved Herleik Baklid, førsteamanuensis USN Bø
Opning for innspel og diskusjon

Kl. 12.00               Lunsj. Utstillingane er opne

Kl. 13.00               «Hvor lenge varer en natt?» - Om mitt arbeide med Draumkvedet. Av Vidar Sundstøl, forfattar. Siste roman: «Dag fra natt» (2023). Opning for innspel og diskusjon

Kl. 14.00               Kaffepause. Utstillingane er opne

Kl. 14.30               Avreise til Grimdalstunet (me brukar private bilar)

Kl. 15.00               Omvising i Draumkvedet-syklusen til Karl Erik Harr på Grimdalstunet. Ca. 1 time


Utstillingar i Eidsborg under seminaret:

I ljos - Folkekunstutstillinga i Eidsborg, førehands-relansering med ny belysning og hologram

Botnedalsdøra - Rekonstruksjon av portalen til stavkyrkja i Botnedalen (rive på 1640-talet)

Olav sine draumar - Lydinstallasjon av Natasha Barrett med kunst av Borgny Svalastog

Draumkvedet etter M. Ramskeid - Innspelingar med Ellen Nordstoga og Halvor Håkanes (tekst på skjerm)


PRISAR:

Seminaret kostar kr. 1200,- inkl. konsert i stavkyrkja, filmvising, føredrag, utflukt til Grimdalstunet og lunsj laurdag.
Deltaking berre på laurdag: kr. 1000,- inkl. lunsj. Betaling gjerast under seminaret.

OBS: Halv pris for deltakarar som har årskort frå Vest-Telemark museum!

Påmelding til post@vtm.no – NB avgrensa antal deltakarar!


OVERNATTING (via booking.com):

Dalen Bed&Breakfast, Aasmund Nordgaardsveg 6, 3880 Dalen,
ca. 10 min med bil til Vest-Telemark Museum

Vidsyn Midjås, Midjåsvegen 333a, 3880 Dalen,
Ca. 15 min med bil til Vest-Telemark Museum

Morgedal Hotel, Haugivegen 4, 3848 Morgedal,
ca. 25 min med bil til Vest-Telemark Museum
NB: ved å oppgje koden «Eidsborg 2024» kan ein få rabatt!

Morgedal Gjestehus, Haugivegen 4A, 3848 Morgedal,
ca. 25 min med bil til Vest-Telemark museum

Straand Hotel, Kviteseidvegen 1698, 3853 Vrådal,
ca. 1 time med bil til Vest-Telemark museum

Sist oppdatert: 04/02/2024

Kilde: Vest Telemark

Sider du nylig har besøkt