Klubb Barracuda har den største glede av å kunne invitere til Bergen atter ein gong: The Dreamliners "A Christmas Gift For You From Phil Spector" live! Klubb Barracuda sine DJs spelar soul, r&b og andre feststemte sjangrar frå det glade sekstital før og etter konsert!
DJ`s fra kl 20:00
Konsertstart 21.00
Den legendariske juleplata "A christmas gift for you from Phil Spector" kom på marknaden i 1963, på same dag som president J.F.K. vart skoten. Det seier seg sjølv at den ikkje vart nokon umiddelbar suksess.
Likevel har du høyrd låtane frå denne plata før, gong på gong, i filmar, på radioen, eller ein eller annan plass i bakgrunnen medan du slit med å få tak i akevittglaset mellom alle ribbebitane. Plata har vakse til å bli ein gedigen musikalsk klassikar, trass i ein noko trong fødsel, og inneheld dei mest kjende amerikanske julesongane med artistar som the Ronettes, the Crystals og Darlene Love, ikledd den karakteristiske "Wall of Sound-produksjonen til, allereie då, smått ustabile Phil Spector.
Denne kvelden tek The Dreamliners med venner deg med attende til dei glade 60-åra. "A christmas gift for you from Phil Spector" frå start til slutt, med blåserekke, kordamer og energisk komp. Glitrande pynt, glitrande kostymer og glitrande musikarar gjer denne kvelden til den beste juleoppladinga!
Eit forrykande juleshow du seint vil gløyme.
The Dreamliners er:
Tonje Tafjord - Vokal, fløyte og klokkespel
Gudmund Bolstad Skjær – Gitar
Amund Stokke - Bass
Are Rosseland - Trommer
Med gjestar:
Martin Skei - Saksofon
Ingrid Løhre Hunnestad - Vokal og perkusjon
Dørene opnar 20.00
Konsertstart 21.00
Velkomen!
--
Back to Beat Records | Facebook
Back to Beat Records | Instagram
Back To Beat Records | Discogs
Back to Beat Records | Bandcamp.com
Back to Beat Records | Spotify (complete discography)
Sist oppdatert: 11/27/2023
Kilde: Visit Bergen