Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Seljord

Dyrsku'n Arrangement AS

  • Nordbygdivegen 60, Seljord
  • 350 65 770
  • 8. september 2017 - 10. september 2017
  •  /  0:00 to 23:59
  • (3 Upcoming Dates)
Overview

I over 150 år har handels- og landbruksmessa, folkefesten og fesjået Dyrsku'n samla opp mot 90 000 menneske frå heile Sør-Noreg. Det heile starta i 1850-åra då det vart avvikla fesjå på ein rekke plassar i Telemark. Her møtte bøndene fram for å handle og selje, fyrst og fremst var det handel med dyr, men etter kvart kom det òg andre varer til. Det var ikkje uvanleg at 4-500 dyr var for sal under marknadane.

Etter kvart var det sterke krefter som ville ha fesjåa samla på ein fast stad, så då Even Høyesen Nordgarden stilte eit 100 daa stort område til disposisjon, samstundes som statsagronom Johan Lindequist jobba iherdig med myndigheitene, vart det avgjort at fesjåa skulle haldast i Seljord. Slik vart Dyrskuhistoria til.

 

I dag er det ein møtestad og kunnskapsarena med alt frå omsetnad av landbruks- og anleggsmaskiner i stor målestokk, kniv- og klokkehandel til lokalmat og ei husflidutstilling med utstillarar frå heile landet. Dyra finn du sjølvsagt fortsatt her. Vi ynskjer deg hjarteleg velkomen til Dyrsku'n, som alltid startar 2. fredag i september!

 

Dyrskuplassen er ein av dei best utbygde arrangementsplassane i landet med gode campingareal, sanitærfasiliteter, grøntområde, smågater og gardstun. I tillegg har vi fleire selskapslokale for mindre arrangement.

Dyrskuplassen ligg i naturfagre Seljord, midt i hjartet av Sør-Noreg. Omkransa av flotte fjell, og ei rekke camping- og badeplassar, ligg det segnomsuste Seljordsvatnet. Her seiast det at det bur ein sjøorm! I Seljord ligg alt til rette for både mystikk, spektakulære fjellturar og gode opplevingar på Dyrskuplassen.

Seljord ligg sentralt i Sør-Noreg – midt mellom aust og vest, med E134 som gjennomfartsåre. Her ligg den gamle marknadsplassen som årleg samlar over 90 000 gjester til Dyrsku'n i september. Her finn du og store musikkfestivalar, hestestemne, landssamlingar og fleire marknader. Totalt er det opp mot 200 000 besøkande på Dyrskuplassen i året. Når plassen er fylt opp med yrande folkeliv, spanande aktivitetar og gode program, er det mange som får gode opplevingar og minne for livet og kjem tilbake år etter år. Dyrskuplassen har omlag 15 arrangement i året, men vi har plass for fleire ikkje minst i vinterhalvåret. Her er det plass for alle, anten det er små kurs, store festivalar eller eit familieselskap i hyggelege selskapslokale på Storstogo. Dyrskuplassen inneheld:  

150 mål inngjerda areal

4 store hallar

10 hus av ulik storleik og innhald

Gamalt gardstun

Hovudscene på Fjoset, omkransa av gamle båsrekker frå 1866

Utstillingsområde og båsar for husdyrkurs- og konferanselokalitetar

Ridebanar med tribuneanlegg

Storstogo servering – restaurant med kapasitet på 70 personer

Scenekafe – kafeteria med kapasitet på 120 personar

Hovudmatutsal – stort matutsal med sitteplassar ute, herav 100 sitteplassar under tak.5 kioskar/gatekjøkken

2 permanente billettportar med fleire billettluker

Leikeplass - inngjerda område med leikeapparat

Infrastruktur med:godt utbygd vegnett – både asfalt og grusstore grøntområde med bord og benk samt sanitærkapasitet for store arrangement

Store parkeringsområde på utsida av plassen

Arrangementstenester   Dyrsku'n Arrangement har gjennom mange år opparbeida ein særs god arrangementskompetanse, både på planlegging og gjennomføring av arrangement. Vi tilbyr arrangementskompetanse til våre leigetakarar dersom det er ynskjeleg. Vi kan og formidle telt og arrangementsutstyr, og elles legge forholda til rette for å kunne gjennomføre gode arrangement.

 

 

Kontakt oss for spørsmål og ledig kapasitet!

  • Last Updated: 04.05.2017
  • Source: Vest Telemark
Dates
fredag 8. september 2017

lørdag 9. september 2017

søndag 10. september 2017

See All
Click to activate
Seljord, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 38" N / 8° 36' 51" E
Dyrsku'n Arrangement AS
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad