VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ÅLESUND

Egil Olsen

Overview

Egil Olsen er omtala som det "fineste og mest underfundige vi har" (VG) og som "en av landets aller beste låtskrivere" (Dagens Næringsliv). Han har hausta mange godord med sine fem kritikarroste album, utallege konsertar og kreative sidesprang, som sjølvbiografisk teikneseriestripe i dagbladet, hip hop cover-spalte på p3, radioblogg på p13, prisvinnande musikkvideoar og animert konsert i eit dataspel. Han har til og med fått sitt eige tributealbum, der artistar som Thom Hell, Sondre Lerche, Stig Ulv og Side Brok tolkar songane hans.

I det siste har han markert sine ti første år som artist med den doble liveplata ‘egil olsen live’ og den doble raritetsamlinga ‘egil olsen rare’. 2020 var året han skulle sleppe mykje ny musikk, men 2020 blei året han drukna i frykt, fortvilelse og streaming. Han var ein av dei aller første som dukka opp med nettkonsertar då landet stengte.

I år slepp han ei rekke singlar som vil kulminere i eit nytt album til seinhausten. Den første singelen 'mouths to feed' fekk ein solid 5'ar i VG som omtalte den som «den fineste og rareste sangen om å leve i vanskelige tider». Kulturstripa med Mona B Riise på P2 seier den er «Det nydeligste og vakreste vi har hørt på veldig veldig lenge». Den framleis rykande ferske singelen, ‘don’t be a tool’, fekk også mykje positiv omtale for både musikken og den animerte musikkvideoen.

Egil Olsen er ein liveartist utanom det vanlege. Med sine finurlege historier og "hinsides vakre låter" (Dagbladet), får du ein underhaldande, vakker og tankevekkande blanding av humor, alvor og musikalitet. "Egil Olsen er og blir en suveren entertainer" skriver Erik Valebrokk.

  • Last Updated: 27.04.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 10. juni 2021 20:00 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Egil Olsen
Your Recently Viewed Pages