Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Ein noko annleis, men ikkje heilt uvanleg julekonsert – Søfteland&Lund

Mer info

Eirik Søfteland og Chris Lund inviterer igjen til julekonsert og musikalske krumspring, laurdag 21. desember i Oseana!

Ein konsert fylt med eit bredt spekter av julas mange musikalske ansikt, som skal fylle deg med julestemning og få følelsane til å svinge i takt med musikkens fleirfasetterte natur. Her skal du få både grine og le!

Etter braksuksessen med utseld konsert på rekordtid jula 2023, gler dei seg til å kunne ønske deg velkomen tilbake i Oseana for å dele musikkens julemagi!

Eirik og Chris er av opptil fleire ansett som to av Vestlandets største stemmer, og har ein rik musikalsk bakgrunn der sjangrar og musikalske uttrykk er vevd samman og kolliderer i ein eksplosjon av harmoni, trøkk og vakker musikk!

Her blir det noko for mange. Både det sarte, mjuke og det lystige, levande får plass.

Med seg på scena i Oseana har dei nokre av vestlandets beste musikantar i Tore Christer Storlid (gitar), Peter Sæverud (bass), Jens Erik Aasmundseth (trommer), Eyolf Nysæther (tangenter), Hans Marius Andersen (blås) Hilde Vasenden og Sigrun Skjælaaen Dahl (kor).

Dette blir ein musikalsk godbit og ein kveld du absolutt ikkje vil gå glipp av!

Eirik Søfteland er kjend for dei fleste som ein langhåra rockar som tok Noreg med storm med si stemmeprakt og musikkglede i Idol og Skal Vi Danse i 2013. Seinare har han delteke i eit lass av tv-program som Stjernekamp, Århundrets Stemme, Beat for beat osv., og har verkeleg etablert si allsidigheit og musikalske spennvidde.

Chris Lund har jobba som songar i mange år i Bergen, men folk fekk verkeleg augene opp for han då han deltok i The Voice på TV2 våren 2022. Han imponerte både mentorar og publikum med si formidling, stemme og personligheit. I tillegg har han hatt ulike rollar i musikalar som: Les Miserables, Which Witch, Grease og Jesus Christ Superstar. Det er få vokalistar i Noreg som kan skryte av det vokalspekteret Chris innehar.


Varer ca. 1,5 time.

Sist oppdatert: 07/22/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt