VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Vestfold og Telemark BAMBLE

Ein skog av trådar

  • Galleri Grindbakken , Taules plass 1, Stathelle
  • 12. september 2021 - 16. oktober 2021
  • (12 Upcoming Dates)
Overview

Treet og rota, kvisten og lauvet, elva og vatnet, frøet og blomen, tråden og knuten knyt saman eit landskap der små repetative element vert ein heilskap. Borghild Telnes knyter i denne utstillinga saman nyskrivne tekstar av diktaren Kristine Søgne med trådarbeid, kalligrafi og trykk.

I 2020 fekk Borghild Telnes Telemark fylke sitt Stipend for husflid og handverk og arbeida som vert viste her har i hovudsak blitt til i stipendperioden der ho arbeidde med telemarksbinding i kombinasjon med andre kunstuttrykk. Knutar, samanbindingar, bundne former, tekstar og teikn lagar ulike biletrom eller landskap der små repetative element blir til ein heilskap.

Repitisjonar og det meditative som ligg i det langsame handverket spinn trådar attende i tid ved å ta vare på ein gamal teknikk og bruke strofer frå gamle folkevier og skaper framtidstrådar med teikning, trykk, skrift og ny poesi. Kontrasta mellom kvite trådarbeid og svarte teikningar lagar ei slags spegelvending av uttrykket.

Bindingsteknikken er i hovudsak bruka på kvite tekstilar som vart brukte ved dei store høgtidene i livet. Skaut, tørklede og forklede er plagg som vart pryda med telemarksbinding. Desse tekstilane fortel om det reine og uskuldige samstundes er dei ei slags maske som skjuler eller vernar oss.

Dei eldre tekstane som er brukte, er henta frå folkevisene Jomfruga Ingebjørg, Herr Byrting, Liti Kjersti med fleire der tematikken er å verta innkvervd i elva, skogen og berget.

Kristine Søgnen sine tekstar spinn kring tema som treet, greina, lauvet, dammen, elva, blomen, rota, knuten og kledet. Tekstane tek for seg eit landskap der ein vert både innfalda og utfalda og knyter seg slik til dei gamle folkevisene.

En Greenlightdistrict 2021 utstilling, Tema: SKOG

  • Last Updated: 09.09.2021
  • Source: Telemarkreiser AL
Dates

on. 22. september 2021 11:00 16:00

to. 23. september 2021 11:00 16:00

lø. 25. september 2021 11:00 15:00

on. 29. september 2021 11:00 16:00

to. 30. september 2021 11:00 16:00

lø. 2. oktober 2021 11:00 15:00

on. 6. oktober 2021 11:00 16:00

to. 7. oktober 2021 11:00 16:00

lø. 9. oktober 2021 11:00 15:00

on. 13. oktober 2021 11:00 16:00

to. 14. oktober 2021 11:00 16:00

lø. 16. oktober 2021 11:00 15:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Ein skog av trådar
Your Recently Viewed Pages