Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Eirik Søfteland & Chris Lund

Mer info

Eirik Søfteland og Chris Lund inviterer til "Ein noko annleis, men ikkje heilt uvanleg julekonsert" og musikalske krumspring i Håkonshallen lørdag 14. desember 2024!

 Ein konsert stappa full med eit godt knippe deilige og varierte julelåtar, som skal fylle deg med julestemning og få kjenslene til å svinge i takt med musikkens fleirfaldige natur. Her skal du få både grine og le! 
 
Eirik og Chris er av opptil fleire sett på som to av Vestlandets største stemmer og har ein rik musikalsk bakgrunn der sjangrar og musikalske uttrykk er vove saman og kolliderer i ein eksplosjon av harmoni, trøkk og vakker musikk! 
 
Her blir det noko for mange; både det sarte, mjuke og det lystige, levande får plass. 
 
Med seg på scenen i Håkonshallen har dei nokon av Vestlandets beste musikanter i Tore Christer Storlid (gitar), Peter Sæverud (bass), Jens Erik Aasmundseth (trommer), Eyolf Nysæther (tangenter), Hans Marius Andersen (trompet), Hilde Vasenden (kor) og Sigrun Skjælaaen Dahl (kor). 
 
Dette blir ein musikalsk godbit og ein kveld du absolutt ikkje vil gå glipp av! 
 
Eirik Søfteland er kjend for dei fleste som ein langhåra rocker som tok Noreg med storm med si stemmeprakt og musikkglede i Idol og Skal Vi Danse i 2013. Seinere har han deltatt i eit lass av tv-programmer som Stjernekamp, Århundrets Stemme, Beat for beat osv., og har verkeleg etablert si allsidigheit og musikalske spennvidde. 
 
Chris Lund har jobba som songar i mange år i Bergen, men folk fekk verkeleg auga opp for han då han våren 2022 deltok i The Voice på TV2. Han imponerte både mentorar og publikum med si formidling, stemme og personlegdom. I tillegg har han hatt ulike roller i musikalar som: Les Miserables, Which Witch, Grease og Jesus Christ Superstar. Det er få vokalistar i Noreg som kan skryte av det vokalspekteret Chris innehar. 

Sist oppdatert: 05/24/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt