Dynamic Variation:
Offers
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Elg

Overview

ELG er mest kjend som sjølve stemmen i Dance With A Stranger.

Som soloartist har han også blitt ein folkekjær songar, gitarist og låtskrivar som i snart 40 år har gjort seg bemerka, også langt utover Noregs grenser. I år fyller Øivind Elgenes/ELG 60 år, noko som definitivt skal markerast både med nytt album og konsertar i store delar av landet. 

ELG er for tida aktuell i TV2’s «Århundrets stemme» og i sommar legg han ut på sommarturné med Dance With a Stranger. Hardtarbeidande ELG slepp i år sitt 7. soloalbum, «det går ein drøm gjennom
landet» etterfulgt av jubileumsturné med band. Denne gongen har låtane fått norske tekstar, noko som publikum har etterspurt etter at han slapp albumet” STORM” i 2010, og fleire av låtane på dette albumet er framleis fast følgje på konsertane.

I fjor vinter ga ELG ut ”Feelosophy” til gode kritikkar frå både lokal og nasjonal presse. Uansett setting, om det er band, duo eller solo, sluttar ikkje publikum å bli berørt av ELG sin heilt egen måte å formidle på, noko han fikk bevist i den populære TV serien ”Hver gang vi møtes”. Hans tolking av deLillos” Hjernen er alene” er framleis ein «snakkis» også blant andre artistar. TV2 ga han då ”skulda” for å lage kunst på liveTV.

Konsertane i haust vil naturleg nok innehalde fleire låtar frå det nye albumet, men også publikumsfavorittar frå hans tidlegare album.

På vegen har han med seg sitt ELGband:
Elg – gitar, vokal
Kyrre Sætran - bass og vokal
Trond Helge Johnsen - gitar og vokal
Bjørn Jenssen - trommer

  • Last Updated: 01.06.2018
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

fre 23. november 2018 19:30 21:00

See All
Elg
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad