Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Ål Kulturhus

En mann ved navn Ove

  • Myren 40, Ål Kulturhus, Ål
  • +47 32085100
  • 11. februar 2017 - 11. februar 2017
  •  /  19:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Sven Nordin i ei teaterforestilling om kjærleik, ordentlege verktøy og kor viktig det er å køyre Saab.

Suksessromanen En mann ved navn Ove vart i fjor til både film og teater. I Stockholm fekk oppsetjinga strålande mottaking og vart omtalt som «feelgood-teater med meining». Over 60 000 publikummarar har så langt sett forestillinga. No kjem teaterversjonen til Noreg med sjølvaste Sven Nordin på scena.

Ove er 59 år og køyrer Saab. Han er sur og tverr og alle naboars skrekk. Kvar morgon går han på ein inspeksjonsrunde i burettslaget for å sjå at alt er på stell. Det til tross for at han for lengst er avsett som styreleiar – ei hending han sjølv omtalar som statskuppet. Ove sparar på straumen og prutar i butikken, og har alltid eit uvennleg ord til dei fleste. Me kjenner alle ein mann som han. Men under overflata på denne innbitte, steile mannen finst ein annan Ove. Ein einsam mann som sørgjer over tapet av kona si.

- Reisa frå gretten gubbe til eit samansett og sårbart medmenneske, er vakker, sier Sven Nordin.

Regien er ved Bjarni Thorsson, som tidlegare har hatt suksess med Nordin med forestillingane Hulemannen og Pappaen. Han er ikkje i tvil: Sven Nordin er som skapt for rolla som Ove.

Turnepremiere i Molde 1. februar 2017.

Norgespremiere på Oslo Nye Teater, Centralteatret 10. november 2016.

På turné med Riksteatret våren 2017.

  • Last Updated: 05.12.2016
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates
lørdag 11. februar 2017

See All
Click to activate
Ål, Norway
The latitude and longitude
60° 37' 46" N / 8° 33' 41" E
En mann ved navn Ove
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad