Endelig sammen igjen! – Mia Gundersen & Espen Hana
- Skakke Kultursenter , Strondavegen 30, Etne
- +47 48996179
- 2. oktober 2021
- (1 Upcoming Dates)
Det blir ein musikalsk festkveld når to traverar innafor underhaldningsbransjen møtest på scenen igjen!
Mia og Espen har kjent kvarandre i mange år. Dei er begge frå Stavanger og har jobba saman på Rogaland teater i fleire år. Der har dei spelt både ektepar og Evita og Che saman, samt laga Evert Taube Cabaret på stavangersk.
Etter mange år på kvar sin kant av landet, har dei endeleg funne saman igjen på scenen.
I forestillinga får du møta Mia og Espen rundt eit flygel, der dei kastar små og store skåblikk på livet både før og nå. Det blir latter og tårer i tett parløp. Men mest av alt blir det både musikalsk og ikkje minst LØYE.
Mia treng knappast nokon presentasjon, ho er heile Noregs Mia, med ein CV dei fleste berre kan drøyma om. Alt frå musikalar til Grand Prix og Norske talenter. Espen er fast tilsett skodespelar på Rogaland Teater og han er også ein glimrande pianist og songar. Han har tidlegare gjort show med Jan Eggum, Pia Tjelta, Karoline Kruger og Britt Synnøve Johansen og selvfølgelig Mia, og nå endeleg møtest dei igjen.
- Last Updated: 07.04.2021
- Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Endelig sammen igjen! – Mia Gundersen & Espen Hana
- 2. oktober 2021
- What's Nearby