Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Erlend Apneseth Trio & BIT20 Ensemble

Erlend Apneseth & Ørjan Matre Terra Incognita (60")

Terra Incognita er det siste av fleire samarbeid mellom hardingfele-nybrotsmannen Erlend Apneseth og komponist Ørjan Matre. Begge arbeidar i skjeringspunktet mellom innovasjon og tradisjon. Apneseth sin oppfinnsamme trio blandar lyden av norsk folkemusikk, jazz og elektronika. På festivalen Ultima får Terra Incognita si verdspremiere og Erlend Apneseth Trio speler med BIT20 Ensemble for første gang. Her presenterer dei materiale Matre har komponert basert på lydfilar han har fått sendt frå Apneseth. Allereie kvelden etter verdspremiera reiser verket vestover til Bergen der det vert satt opp på Fana Kulturhus.

Med utgangspunkt i arkivopptak av norsk folkemusikk og folkedans – blant dei «Alt forvandles til støv» - skapar Terra Incognita eit rom for oppdagingar og moglegheiter, der moderne komposisjon møtar folkedans og improvisasjon. Det er klart for ei unik musikalsk oppleving i ukjend terreng.

Trond Madsen Dirigent
Erlend Apneseth Hardingfele
Øyvind Hegg-Lunde Perkusjon, elektronikk
Stephan Meidell Gitar, elektronikk
BIT20 Ensemble

Dørene opnar 18.30.

Foto: Oddleiv Apneseth

Sist oppdatert: 07/20/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt