Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Stavanger

Etterlyst : Jesus

Overview

Kva for ein Jesus treng vi i dag?Vesle Bjørn var sikker på at Jesus alltid ville passe på han. Men i ungdomstida blei Jesus mykje strengare. Ikkje likte han langt hår, ikkje rytmisk musikk og heller ikkje at kvinner blei prestar. I studietida endra Jesus seg ytterlegare, og Bjørn Eidsvåg kunne konstatere at Jesus var annleis i Oslo enn på heimplassen. Her var han ein slags kul hippietype som forkynte peace and love. Seinare blei han presentert for ein sosialistisk Jesus og ein som inspirerte folk til å gjere godt, som ein Gandhi eller Nelson Mandela. Men òg ein som inspirerte dei som grunnla Ku Klux Klan. Jesus var i sanning allsidig. Og han endra seg frå stad til stad og med tida. Bjørn Eidsvåg har med framsyninga Etterlyst: Jesus prøvd å finne ut kven Jesus eigentleg er. Er det mogleg å finne ut? Og kva er det ved denne figuren som gjer at han påverkar oss menneske så sterkt? Saman med Svein Tindberg og det faste bandet sitt vil Bjørn Eidsvåg prøve å finne ut om vi treng ein Jesus i dag. I så fall kva for ein Jesus? Med både nytt og gammalt songmateriale, mykje humor og tidvis i god bedehusstil vil dei leite i kulturhistoria – og i eiga oppveksthistorie – for å teikne eit bilde av den Jesus som både dei og kanskje publikum ønskjer seg i dag. Forestillingen er et gjestespill og Dramakortet kan dessverre ikke benyttes. Av og med :Bjørn Eidsvåg og Svein Tindberg

Regissør:Erik Ulfsby 

Scenograf- og kostymedesigner:Mia Runningen

Lysdesigner:Torkel Skjærven 

Lyddesigner:Ole-Petter Berger

Video:Raymond Stubberud/Siren Høyland Sæter 

Dramaturg:Ola E. BøBand:

Trommer: Anders Engen Tangentar: David Wallumrød Gitarar: Kjetil Steensnæs Bass: Bjørn Holm  

  • Last Updated: 13.06.2017
  • Source: Region Stavanger
Dates

tirs 9. januar 2018 18:00

ons 10. januar 2018 18:00

tors 11. januar 2018 18:00

fre 12. januar 2018 18:00

lør 13. januar 2018 18:00

tirs 16. januar 2018 18:00

ons 17. januar 2018 18:00

tors 18. januar 2018 18:00

fre 19. januar 2018 18:00

lør 20. januar 2018 18:00

tirs 23. januar 2018 18:00

ons 24. januar 2018 18:00

tors 25. januar 2018 18:00

fre 26. januar 2018 18:00

lør 27. januar 2018 18:00

See All
Etterlyst : Jesus
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad