Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Eva Weel Skram

Mer info

Eva Weel Skram er aktuell med ny musikk, og legg ut på turné til hausten! Det er ei glede å kunna annonsera at ho kjem til Oseana den 8.november!

Med låtar som «Om du vil», «Selmas sang», og den nyaste hiten «La meg være», som har lege spikra på radiolistene i lang tid, er Eva Weel Skram utan tvil ein av dei mest folkekjære artistane vi har her til lands. Skram har sleppt to album med norske tekstar, Finne heim frå 2018 og Sleppe tak frå 2021, som har høsta strålande kritikkar, og vorte omtala som både brutalt ærlege og musikalsk modne. Denne våren er det duka for meir ny musikk frå Sogndalsartisten, som stadig imponerer med sine liveframføringar og låtar som treff blink.
«Eva Weel Skram har lenge vært en av Norges mest distinkte popartister. Med albumet «Sleppe tak» ligger alt til rette for at hun skal bli allemannseie», skreiv Dagsavisen i sin melding av sistnemnde album, noko som har heva Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklege popartistar her til lands.
Skrams varemerke har vorte fengjande melodiar med sterke norske tekstar om tema som ligg hennar hjarte nært, noko som har vist seg å verke både trøystande og inspirerande for det stadig veksande publikummet hennar.
Få med deg Eva og dei musikalske kumpanane hennar på Oseana, dette er ein sjanse du ikkje bør la gå frå deg!
 
Varer ca. 90 minutt utan pause.

Sist oppdatert: 04/21/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt