Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Sunnfjord Førde

Førdefestivalen

Overview

«Klangen av Norden» er tema for Førdefestivalen 2017. Hovudsatsinga er prosjektet «Nordic Sound Folk Orchestra» eit all-nordisk strykeorkester på førti musikarar og solistar, som skal framføre spesialskriven musikk frå fire nordiske komponistar. Det inneber at den nordiske verdsmusikkscena også vil få sin plass i programmet. Og sjølv om festivalen har ei storsatsing på det nordiske, vil ei rekke artistar frå andre deler av verda stå på scena i Førde, også i 2017. Festivalen vert som alltid arrangert i veke 27, og går av stabelen 5.-9. juli 2017. Førdefestivalen er eitt av dei største fleirkulturelle arrangementa i Noreg, og største festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk i Skandinavia. Kvart år vert omlag 300 artistar frå heile verda presenterte gjennom rundt 90 arrangement. Totalt besøkstal er 25-30 000 pr år. Sidan 2010 har Førdefestivalen vore kåra til ein av dei 25 beste i sitt slag av det internasjonale tidsskriftet Songlines, og er også ranka på eksklusive festivallister i the Guardian og hos National Geographic Travel. HKH Kronprinsesse Mette-Marit er høg beskyttar for festivalen som 5.-9. juli 2017 vert arrangert for 28. gong.

  • Last Updated: 03.02.2017
  • Source: Visit FjordKysten
Dates
onsdag 5. juli 2017

torsdag 6. juli 2017

fredag 7. juli 2017

lørdag 8. juli 2017

søndag 9. juli 2017

See All
Click to activate
Førde, Norway
The latitude and longitude
61° 27' 12" N / 5° 52' 2" E
Førdefestivalen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad