Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland BERGEN

Førestilling - ei utstillinga av Nina Bang Larsen

  • Salhusvegen 201, Bergen
  • +47 55251080
  • 22. oktober 2021 - 12. desember 2021
  • (7 Upcoming Dates)
Overview

Utstillinga «Førestilling» av Nina Bang Larsen hentar inspirasjon frå sirkus, tivoli, dukketeater og teikneseriar. Sjå den i Galleri Salhus.

Nina Bang Larsen arbeider i eit kaos av oppsamla materiale, tankar og idear. Nysgjerrig utfører ho nokre av dei underlege ideane som oppstår. Stiller ikkje spørsmål, dømmer ikkje.

Ho let seg styra av slump og innfall, i håp om at det skal dukka opp noko som treffer og forløyser den sterke kjensla av at det er noko usagt som må seiast. Utstillingane hennar ser ved fyrste augekast uskuldige og barnlige ut, men det tek ikkje lang tid før ein oppdagar det urovekkande og absurde som ulmar under overflata.

Til Galleri Salhus har Bang Larsen laga utstillinga «Førestilling», der ho har henta inspirasjon frå sirkus, tivoli, dukketeater og teikneseriar. Utstillingsrommet blir fylt med ei samansett gruppe fargerike og tøysete skulpturar som viser hennar kjærleik for handverk, og for alt det som kan dukka opp i eit ope sinn.

Nina Bang Larsen (f.1981 i Hardanger) har utdanning frå KHiB (no KMD) og UiB, har stilt ut ei rekkje stader i landet både med separatutstillingar og gruppeutstillingar, og m.a. delteke på Høstutstillingen 2019. Til arbeidet med utstillinga her i Galleri Salhus har ho motteke regionale prosjektmidlar på kr. 20 000 frå HKS. Ho er medlem av NBK/Norkse Billedkunstnere, NTK/Norske Tekstilkunstnere, BKFH/Billedkunstnernes Forening Hordaland og Harding Puls.

  • Last Updated: 22.10.2021
  • Source: Visit Bergen
Dates

sø. 28. november 2021 12:00 17:00

to. 2. desember 2021 11:00 16:00

fr. 3. desember 2021 11:00 16:00

sø. 5. desember 2021 12:00 17:00

to. 9. desember 2021 11:00 16:00

fr. 10. desember 2021 11:00 16:00

sø. 12. desember 2021 12:00 17:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Førestilling - ei utstillinga av Nina Bang Larsen
Your Recently Viewed Pages