Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Ivar Aasen tunet

Familiedag med juleverkstad

  • Indrehovdevegen 176, Hovdebygda
  • 4. desember 2016 - 4. desember 2016
  •  /  13:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

På juleverkstaden blir det mange kjekke oppgåver for borna, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan i Aasen-tunet, som lovar lun førjulsstemning for heile familien. Julekort og ein fin lilla garnsau er nokre av tinga du kan lage på verkstadene.

Lesestund og musikk
Salen vil i år vere smykka med flott barnekunst, inspirert av boka Himmelspringaren. Under førjulsstunda i Salen vil vi tenne lys og syngje julesongar saman med Guro Kristin og Stian Grønbech. Vi les og viser bilete frå boka, før borna kan ta med seg inspirasjonen vidare til juleverkstaden inne i utstillinga. Det vil bli fleire lesestunder i Salen, dersom ein ikkje fekk med seg den første.

Barnekunst
Over 350 born frå barnehagar i Ørsta, Volda, Herøy, Hornindal, Ulstein og Stryn har laga kunst som er inspirert av forteljinga og illustrasjonane til Sissel Horndal. Borna har lagt ned mykje arbeid i kunstverka som er utstilte i Aasen-tunet.

Julebutikken har mange gode tilbod og eit breitt utval varer. Her kan du handle flotte julegåver mellom arbeidsøktene. Kafeen har graut med mandel til svoltne kunstnarar. Her vankar det bokpremiar for den heldige. Arrangementet er i samarbeid med forlaget Mangschou.

 

  • Last Updated: 29.11.2016
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates
søndag 4. desember 2016

See All
Click to activate
Hovdebygda, Norway
The latitude and longitude
62° 10' 45" N / 6° 3' 37" E
Familiedag med juleverkstad
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad