Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Voss

Familiehelg i Myrkdalen

  • Klypeteigane, Vossestrand
  • 47 47 16 00
  • 14. oktober 2017 - 15. oktober 2017
  • (2 Upcoming Dates)
Overview

Helga 14. - 15. oktober blir ei kjekk helg for heile familien med traktorsafari, stølstur og ulike aktivitetar utanfor Myrkdalen Hotel.

PROGRAM Laurdag 14. oktober Kl 10.00 og kl 12.00 Bli med på traktorsafari og kjekk tur til Mørkvestølen! Me gjentek suksessen frå i fjor og fraktar små og store opp til toppen av Storhaugekspressen med traktor og spesiallaga tilhengar. Herfrå går turen vidare til fots i enkelt terreng til Mørkvestølen. Ved stølen får alle servert nysteikte lappar og det blir kjekke aktivitetar som til dømes hesteskokasting, pil og boge, balansekunst og meir.  Traktorsafari har to avgangar: Kl 10.00 og kl 12.00. Avgrensa plassar (Maksimalt 30 personar per tur) - fyrstemann til mølla! Sundag 15. oktober  Kl 11.00 - 14.00 Gratis familieaktivitetar på oppsida av Myrkdalen Hotel. Meir informasjon om aktivitetane kjem.  Myrkdalen Hestesenter tilbyr ponniriding: Kr 50,- for 5 min. og kr 100,- for 15 min. Kontant betaling.  Prisar Traktorsafari laurdag 14. oktober: Kr 200 for vaksne og kr 100 for born (0-15 år) Familieaktivitetar sundag 15. oktober: Gratis Ponniriding sundag 15. oktober: Kr 50,- for 5 min. og kr 100,- for 15 min. Kontant betaling.

 

 

  • Last Updated: 15.09.2017
  • Source: Destinasjon Voss AS
Dates

lør 14. oktober 2017 10:00

søn 15. oktober 2017 11:00

See All
Familiehelg i Myrkdalen
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad