Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Fargespill - Kahardu?

Mer info

Fargespill presenterer «Kahardu?» 
- Framtida i møte med fortida
 
Fargespill fyller 20 år og tar med jubileumsframsyninga «Kahardu» til Oseana!
Nytt møter gammalt når dagens fargespelarar hentar fram nokre av sine yndlingsnummer frå tidlegare generasjonar fargespelarar, og krydrar det med sine heilt nye favorittar.

Jubileumsframsyninga er ei feiring av to tiår med Fargespill, men det er også ein hyllest til alt som rører seg på Vestlandet!
Ein hyllest til alt Vestlandet har. Til alle som har kome hit, til dei som alltid har vore her, og til dei som kjem i framtida.  «Kahardu?» er ei feiring av alt vi har, alt vi er og, ikkje minst, alt vi kan gje til kvarandre!

Ein «vill» idé, eit møte mellom skilnadar, og den norske folketona «Ola, Ola, kua di er dau», toppa med rein slump, var ingrediensane som skulle til for å baka fram spørsmålet som definerer Fargespill: «Ka har du?». Vi tar det beste frå kvarandre og set det saman til
noko nytt som ingen av oss kunne laga aleine.

Denne framsyninga er til ære for disse sju bokstavane, og korleis dette enkle spørsmålet har samla «heile verda» på Vestlandet.

Sist oppdatert: 04/16/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt