Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Southern Norway Setesdal Bykle

Filosofikveld på Den Gamle Gaard - Fryd og glede med Grelland

Overview

Fryd og glede på ein mørk novemberkveld.
Velkomen til filosofikveld på Den Gamle Gaard.
Hans Herlof Grelland er professor i kvantekjemi og master i filosofi. Han har skrive fleire bøker, mellom anna "Følelsenes filosofi". Denne kvelden kjem han til Hovden for å snakke om kjenslene fryd og glede.

MIDDAG KL. 18:00
Merethe serverer heimelaga viltgryte for dei som ønskjer det. Middag kostar 200 kr (med påfyll) og MÅ BESTILLAST på førehand innan 27. november til post@hovdenkontoret.no/ tel 959 79 856.

VELKOMEN OG MUSIKK KL. 19:00
Det blir musikalsk innslag med Helga Jacobsen før foredrag med Grelland. Etter foredraget blir det tid til ein beinstrekk før me opnar for spørsmål og kommentarar.

Kom gjerne litt før, så du rekk å handle drikke og noko å bite i om du vil. Det blir sal av mineralvatn, øl, vin, kaffe, te og litt kaffemat.

Alle er velkomne! Inngang kostar 100 kr og kan betalast med Vipps (helst) eller kontant.

Arrangørar er Hovdenkontoret, Hovden Malerservice og Fjellgarden Hovden

  • Last Updated: 20.10.2017
  • Source: Setesdal
Dates

ons 29. november 2017 18:00

See All
Filosofikveld på Den Gamle Gaard - Fryd og glede med Grelland
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad