Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Hardanger Ulvik

Fjell og ord - kulturhelg på Finse

Overview

Høsten på Finse! Varme, fine farger. Skarp luft og høy himmel. Ordet og naturen, folka og kulturen. Vi tilbyr kulturell konfetti til fjellhelgen din. I løpet av helgen vil vi utforske et tema gjennom litteraturen, filosofien, friluftslivet og musikken.

Spørsmål? Kontakt booking@finse1222.no

Fjorårets program:

I 2016 vil temaet være Kjærlighet og programmet starter fredag og avsluttes søndag formiddag.

Ordet er inspirasjon, fjellet er arena og kjærleik er tema når litteraturfestivalen Fjell og ord går av stabelen på Finse 1222 23. – 25. september. Ulike kapasitetar innan tema skal lira or seg ulike vinklingar på kjærleiken gjennom heile helga. Klassisk kjærleik, fysisk kjærleik, litterær kjærleik og musikalsk kjærleik – alt vert sirleg gjennomgått frå ein bugnande varm scene. Endåtil gjestene vert oppmoda om å bidra med tekstar i løpet av helga. Velkomen til fjells for å hylla kjærleiken!

Program

Fjell og ord, 2016, Geir GulliksenGeir Gulliksen Geir Gulliksen er romanforfattar, essayist, poet og forlagsredaktør og har sett preg på norsk litteratur i fleire tiår. Særleg pirkar pennen hans borti kjenslevare tema som samliv, seksualitet og kjønnsroller. Sams tema er kjærleiken, stundom den vanskelege kjærleiken. Romanen "Historie om et ekteskap" vekte stor åtgaum då den kom i 2015. Forfattaren losar lesaren djupt og brutalt inn i eit skilsmål kor hovudpersonane er fylte med tru og von – men ikkje kjærleik. Geir Gulliksen er tildelt Aschehougprisen og er i år nominert til Nordisk Råds litteraturpris

Fjell og ord, 2016, Anne Kyong Sook ØfstiAnne Kyong Sook Øfsti Anne Kyong Sook Øfsti er familieterapeuten, forfattaren og forskaren bak doktoravhandlinga "Some call it love" frå 2008. Avhandlinga tek føre seg diskursen – altså orda – parterapeutar nyttar for å syna veg i kjærleiken for trengande par. Er kjærleik noko romantisk eller hardt arbeid? Kva kulturelle ideal og forventningar har me til kjærleiken i dag? Og kva vilkår gjev me kjærleiken i kvardagen? Velkomne til eit kåseri basert på forskning om ulike kjærlighetsbilete og diskursar om kjærleik, intimitet og samliv i ei brytningstid.

Fjell og ord, 2016, Anders BacheAnders Bache Korleis handsama polarheltane våre kjærleiken? Anders Bache gjev oss eit djupdykk inn i kjærleiksbreva polarheltane skreiv heim til sine koner. Scott skreiv "Til min enke…." i sitt siste brev heim, andre skreiv meir om kjærleiken til polane og isen. Anders Bache er oppvaksen i Oslo, men bur no på ein husmanssplass i Nordmarka. Her sluker han alt av polahistorie til frukost, middag og kvelds. Han lever etter mantraet til den største polarhelten i Grønlandsk historie, Knud Rasmussen: "Giv mig Vinter og Hunde – saa maa I for mig gerne beholde alt andet for jer selv…" Anders er lidenskapeleg oppteken av polarhistorie og fullfører for tida mastergrad i arkeologi med fokus på liv og ekspedisjonar i Arktis. Han har tidlegare jobba fleire sesongar som guide i Arktis og Antarktis og har 10 år med polarhistorisk arbeid ved museum i Norge og England bak seg. Anders er partnar i selskapet Yourway og er prosjektleiar for all aktivitet på Finse og i Framheim.

Helle Andresen og Julie Maske Helle Andresen og Julie Maske er atterhaldsvis redaktør og journalist i Fjell og Vidde – medlemsbladet til DNT. Dei kjem til Finse under parolen "Kjærleik i fjellet" og gjev ein hyllest og historisk innføring i det populære konseptet Fjelltreffen. Spalten er eit tilårskome – men framleis like aktuelt – analogt bidrag til at folk treff blink i kjærleiken i fjellet. Utan Tinder.

Stig Lundblad – Sandbakk Stig Lundblad-Sandbakk er Fjell og ord sin eigen husartist og vil musisera kjærleik i ulike sjangrar gjennom frå ulike tidsepokar på to kveldar. Stig er vidgjeten og heidra artist gjennom soloprosjektet sitt A Boy Named Sue. Laurdag kveld toneset Stig kjærleiksdikta som dei ulike poetane på huset har laga. All you need is love!

Fjell og ord, 2016, Stein Arnold HevrøyStein Arnold Hevrøy Stein Arnold Hevrøy, dokumentasjonsansvarleg på Haugesenteret i Ulvik, tek oss med inn i kjærleiksbreva mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. Heilt frå Hauge var gutunge var kjærleiken til ord og litteratur sterk. Det var ikkje tilfeldig at Hauge og Cappelen fyrst møttest gjennom skrift og ord. Ein dag dukka det opp eit brev i postkassa som byrja slik: "Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg – det går over, man kan vel møtes i et brev så vel som på gaten." Dei møttest i breva, i litteraturen. Samstundes er det klart at orda, vekslinga av brev som gjekk føre seg i mange år, henta drivkraft frå ei djupare lengt.

Fjell og ord, 2016, Ingrid Ese FolkestadIngrid Ese Folkestad Filmmakar og dokumentarist Ingrid Ese Folkestad kjem til Finse og formidlar kjærleikssoga til Magdalene Kroepelien Gran, ungjenta frå Bergen som kom tett på verdssoga med kameraet sitt. Keiser Wilhelm II av Tyskland var norgesven og ferierte i den vesle vestlandsbygda Balestrand før 1. verdskrigen. På same tid var også Magdalene Kroepelien Gran på ferie i Balestrand. Ho vart forelska i ein av offiserane ombord på Keisarskipet og kom tett inn på keisaren og følgjet hans. Fotografia til Magdalene og andre berarar av soga var utgangspunkt for dokumentaren "Fotografen og Keiseren" frå 2013 som Folkestad hadde regien på. Filmen vert synt i heilskap under Fjell og ord.

Priser 2900,- pr person i dobbelt- eller flersengsrom (enkeltromstillegg 300,- pr natt). Prisen inkluderer alle måltid og inngang på arrangement. Barn på foreldrenes rom koster 1500,- fra fredag til søndag.

Vi gjør oppmerksom på at NSB stenger Bergensbanen fra fredag kveld til søndag formiddag, så da har vi fjellene og Finse helt for oss selv.

For bestilling og mer informasjon, send oss en epost.

  • Last Updated: 13.03.2017
  • Source: Visit Geilo AS
Dates

fre 29. september 2017 0:00

lør 30. september 2017 0:00

søn 1. oktober 2017 0:00

man 2. oktober 2017 0:00

See All
Fjell og ord - kulturhelg på Finse
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad