VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Møre og Romsdal ÅLESUND

Fjord Cadenza 2021: Edvard Hoem og Jorun Marie Kvernberg - Ei musikalsk samtale

Overview

Eit nytt og spennande musikalsk og litterært møte mellom Jorun Marie Kvernberg og Edvard Hoem. Eit nytt og spennande møte mellom Jorun Marie Kvernberg og Edvard Hoem. Vi skal dykke i slektstreet til Edvard, tilbake til felemakaren Lars Hoem, og i folkemusikken felene han s spelte på den tida. Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band. I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fem bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016), Liv andre har levd (2017) og Jordmor på jorda (2018) har eit opplag på over 400.000. Sjette bok, Felemakaren, kom ut høsten 2020. I 2019 vart Edvard Hoem tildelt Brages hederspris, og i 2020 vart han utnevnt til Kommandør av St. Olavs Orden for sin framragande innsats for norsk litteratur og kulturarv. Jorun Marie Kvernberg har spesialisert seg på folkemusikk frå fylket, med særleg vekt på felemusikken. Frå heimkommunen Fræna/Hustadvika har ho mellom anna funne slåttar etter Guri Gabrielsdatter Lauvåsen. Den fargerike «Kvakksalvar-Guri», som ho óg vart kalla, finn me dessutan i Hoem si bok «Slåttekar i himmelen». Frænas store feleson på 1800-talet var ein særs fattig mann med lurvete klede: «Tosten på Hauå» / Torstein Eidem. Men Hoem-fele hadde han, og med den vann han kappleikar og spelte høgt og lågt i bryllaup og til fest.

  • Last Updated: 30.06.2021
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

to. 12. august 2021 20:00 23:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Fjord Cadenza 2021: Edvard Hoem og Jorun Marie Kvernberg - Ei musikalsk samtale
Your Recently Viewed Pages