Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Folk og røvere i Kardemomme by

Overview

Det blir fest i Kardemomme by, og du er invitert.

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med. Har du hugsa å vaske øyrene deira? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatret si oppsetjing av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterforestilling full av energi, humor, dans og masse musikk. Du vil møte ei frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i Thorbjørn Egner si verd og opplev den magiske teaterstemningen på kulturhuset. Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk. 

Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ynskjer me å innlemme ein ny generasjon i vår felles kulturarv. Ja, vi elsker Thorbjørn Egner!  

På scenen Mikkel Niva, Mats Holm, Carina Furseth, Jan Huse, Morten Røhrt, Jonas Rønning, Lars Helge Throndsen, Linda Tørklep og Olli Wermskog.  

Team Regissør: Kim Haugen Scenograf: Siri Langdalen  

Forestillingslengde: 2 timar (inkludert pause).

Riksteatret i samarbeid med Hålogaland Teater.  

 

  • Last Updated: 17.08.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

fre 17. november 2017 18:00

See All
Folk og røvere i Kardemomme by
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad