Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Ørsta

Folk og røvere i Kardemomme by

Overview

Det blir fest i Kardemomme by. Og du er invitert!

I Kardemomme by bur gamle Tobias, pølsemakaren, trikkeførar Syversen og barberar Sørensen. Tommy og tante Sofie og vesle Kamomilla. Og politimeister Bastian som aldri har lyst til å arrestere nokon. Rett utanfor byen bur det tre røvarar som heiter Kasper, Jesper og Jonatan. Dei har også lyst til å vere med.

Har du hugsa å vaske øyra dine? Då kan du trygt ta med deg barna på Riksteatrets oppsetning av Folk og røvere i Kardemomme by - ei teaterframsyning full av energi, humor, dans og masse musikk. Du kjem til å møte ein frekk papegøye, ein talande kamel og ei løve som er glad i mjølkesjokolade. Bli med inn i verda til Egner og opplev den magiske teaterstemninga på kulturhuset der du bur.  Røvarane gler seg til å helse på barna som kjem på besøk.

Med Kim Haugen i registolen og eit ensemble fylt av unge, nye talent ønskjer vi å innlemme ein ny generasjon i den felles kulturarven vår.  Ja, vi elskar Thorbjørn Egner!

Dei tre røvarane vil helse på barna i foajeen etter framsyninga.

  • Last Updated: 16.09.2017
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

tors 22. februar 2018 18:00

See All
Folk og røvere i Kardemomme by
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad