Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Suldal

Folk på fredag - Ross Couper og Tom Oakes

Overview

Konsertserie i Suldal Kulturhus på Sand i Suldal, Ryfylke

Folk på fredag Ross Couper og Tom Oakes

Åshild Vetrhus er folkesongar, fødd og oppvaksen i Bråtveit i Suldal. Åshild har særleg fordjupa seg i den lokale tradisjonen frå Suldal og er ein flott ambassadør for denne – i heile Norge og rundt omkring i verda, både som soloartist og i samspel. Ho er songar i folkemusikktrioen Tindra, ho har vore involvert i fleire av jazzmusikar Jon Balke sine produksjonar, og ho har hatt fleire juleturnear med prosjektet «I denne søde Juletid». Åshild kan kunsten å halda kontroll på alle slags ballar i lufta på ein gong. Samtidig formidlar ho alltid ei sterk ro og kjærleik til det ho gjer, aller mest når ho syng. 

ROSS & TOM (Shetland/England) 
Ross Couper (fele), Tom Oakes (gitar, fløyte) 
Mykje energi og villskap er komprimert og putta inn i Ross Couper, ein av dei dyktigaste felespelarane Shetland har å visa til, - og dei har mange! Energien slepp laus på scenen – kvar gong! I kveld får me høyra han i duo med Tom Oakes, som spelar like overtydande på gitar som på fløyte. Det som høyrest ut som lyden frå ti instrument, stammar berre frå to. Med varme, humor og blendande virtuositet deler dei engasjementet sitt for den smittande melodien og rytmen i den keltiske musikken. Dei har utvikla eit nærast telepatisk samspel og har turnert festivalar i Skandinavia, Australia og Storbritannia, men i kveld er det fredagsfolket som skal smittast av boblande energi frå duoen!

FOLK PÅ FREDAG
er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. Fire fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Musikalsk vert: Mark Laurenson
Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit bygger han hus med familien på fire. Han jobbar elles som sjølvstendig snikkar, og som lydmann og altmuligmann på Kulturhuset.  Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

  • Last Updated: 13.05.2019
  • Source: Region Stavanger
Dates

fr. 27. september 2019 20:00 23:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Folk på fredag - Ross Couper og Tom Oakes
Your Recently Viewed Pages