Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Ryfylke Suldal

Folk på fredag - Stampestuen

Overview

Konsertserie i Suldal Kulturhus på Sand i Suldal, Ryfylke

Folk på fredag - Stampestuen

Anne Elisebeth Skogen har drive som profesjonell forteljar dei siste tretten åra, og har vore spesielt oppteken av det første norske reisefølgjet som utvandra frå Stavanger til Amerika i 1825. 
Med base i Suldal har Anne Elisebeth turnert på skular og delteke på festivalar og arrangement i Norge og USA med førestillinga «With Restauration through Hell Gate to The Promised Land». I kveld tilfører ho kjøt på beina til emigrantvisene me får høyra frå Stampestuen etterkvart. Med enkle verkemiddel dreg ho oss inn i ei anna tid og ei anna verd utan at me nesten merkar det. 

STAMPESTUEN 
Beate Børli Løkken (vokal, salmodikon), Annar By (gitar, vokal), Anders Lillebo (trøorgel, piano, fløyte), Jon Hjellum Brodal (fele, hardingfele). 
Stampestuen har namnet sitt frå ein husmannsplass i Stor-Elvdal. Beate sin tipp tipp-oldefar, Ola Andreassen Stampstuen (1818-1900) budde der, og gjekk under namnet Stampstu-gammer'n. Stova symboliserer på en god måte husmennene og kvardagsmenneska som er opphavet til musikken Stampestuen har fordjupa seg i. Musikarane er godt etablerte på den norske jazz- og folkemusikkscena, og har funne saman rundt ei interesse for gammal visemusikk. Som Anne Elisebeth er dei også historieforteljarar, og med gamle emigrantviser dreg dei oss inn i stemningar av håp, spenning og vemod frå skjebnane til dei som utvandra til Amerika.

FOLK PÅ FREDAG
er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. Fire fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Brunsj opnar kafe og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar. Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!

Musikalsk vert: Mark Laurenson
Mark Laurenson er oppvaksen på Shetland og byrja å spela fele då han var 8 år. No har han slått røter i Suldal og uttrykker seg på brei suldalsdialekt. I Bråtveit bygger han hus med familien på fire. Han jobbar elles som sjølvstendig snikkar, og som lydmann og altmuligmann på Kulturhuset.  Mark er Folk på fredag sin musikalske vert. Han har med seg ein levande feletradisjon frå Shetland, ein tradisjon som har mykje slektskap til folkemusikken frå Rogaland. Han er glad i å fortelja historier, nokre av dei er sanne også. Resten er eit spørsmål om tru!

  • Last Updated: 23.09.2019
  • Source: Region Stavanger
Dates

fr. 18. oktober 2019 20:00 23:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Folk på fredag - Stampestuen
Your Recently Viewed Pages