Foredrag: Norge og Russland - så nære og så fjerne
- Elvegata 27, Sandnes
- +47 51683750
- 10. mars 2021
- (1 Upcoming Dates)
Norge og Russland - så nære og så fjerne. Foredrag med Tom Hetland.
Norge og Russland har ei over tusen år lang historie som naboland. Alt i vikingtida var det eit nært samband mellom Norge og Gardarike, som nordmennene kalla det store landet i aust. Norge og Russland har aldri vore i krig, men den politiske og kulturelle avstanden mellom dei to landa har i lange periodar vore større enn på Olav Tryggvason og Olav Haraldsson si tid. Korleis pregar dei historiske erfaringane forholdet mellom russarar og nordmenn i dag? Er me på veg inn i ein ny kald krig, der det igjen blir skapt fiendebilde oss imellom? Eller er det håp om at det tosidige forholdet mellom Norge og Russland skal overleva i eit meir spent internasjonalt klima?
Tom Hetland (født 1954 i Sandnes) er cand.philol. frå Universitetet i Bergen 1983 med faga historie, russisk og nordisk, skreiv hovudoppgåve om forholdet mellom Norge og Sovjetunionen 1948-1959. Arbeidde i Stavanger Aftenblad 1986-2016, sjefredaktør 2002-2011. Var i denne perioden på ei rad reportasjeturar i Russland og tidlegare Sovjetunionen.
Arrangementet er i samarbeid med Internasjonal Kvinneliga for Fred og Frihet.
Informasjon til besøkende vedr COVID-19:
Sandnes bibliotek følgerHelsedirektoratets retningslinjer for arrangementer.
For å sikre rask smittesporing må alle som besøker våre arrangementer reservere billett på forhånd, og alle billetter må være registrert med navn på personen som skal delta.
- Last Updated: 20.01.2021
- Source: Region Stavanger
Foredrag: Norge og Russland - så nære og så fjerne
- 10. mars 2021
- What's Nearby