VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Rogaland Randaberg

Frøkedal & Familien

  • Varen – Randaberg kulturscene , Torvmyrveien 22, Randaberg
  • +47 51414100
  • 28. mai 2021
  •  /  20:00
  • (1 Upcoming Dates)
Overview

Frøkedal & Familien sitt tredjealbum, Flora, er spelt inn låt for låt i løpet av ei ti dagar lang studioøkt: «Me lærte oss songane ved å spele dei live for publikum. Det kunne til tider vere halsbrekkande, men det var veldig ærleg. I studio spelte me inn live og hadde blikkontakt heile vegen.», seier Frøkedal.

Frøkedal & Familien sitt tredjealbum, Flora, er spelt inn låt for låt i løpet av ei ti dagar lang studioøkt: «Me lærte oss songane ved å spele dei live for publikum. Det kunne til tider vere halsbrekkande, men det var veldig ærleg. I studio spelte me inn live og hadde blikkontakt heile vegen.», seier Frøkedal.

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkpop. Dei har skapt eit særeige lydbilete av vokal, elgitar, feler, orgel og trommer, samt klimpreinstrument som mandola og baglamas. Nå kjem bandet til Tungenes fyr for å presentere musikken der han høyrer heime: i eit rom med levande menneske til stades.

Låtane på Flora strekk seg frå gyngade hippie-folk til indiepop og felerock. Musikken skildrar spennet mellom einsemd og framandgjering i ein kald verd – og draumen om tilknyting som alle har i seg.

Frøkedal & Familien har gjort ei rekkje turnéar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familien har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Dei trivst likevel aller best på mindre scener, der dei kan stå tett og sjå publikum i kvitauget.
Frøkedal: vokal, gitar

Olav Christer Rossebø: fele, oktavfele, mandola, vokal

Ingeleiv Berstad: fele, oktavfele, baglamas, perkusjon, vokal

Erlend Ringseth: keys, vokal

Elisabeth Mørland Nesset: trommer, vokal
Foto cred - Vidar Landa

  • Last Updated: 16.03.2021
  • Source: Region Stavanger
Dates

fr. 28. mai 2021 20:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Frøkedal & Familien
Your Recently Viewed Pages