Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Frøkedal & Familien

Mer info

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin særprega folkpop som står både rocken og folkemusikken nær. 7. juni kjem albumet STAY– ei musikalsk motgift mot reiselyst, rastløyse og nagande uro for å gå glipp av noko, om ein skal tru bandet sjølv.

Konserten på Statsraaden Bar bør du derimot ikkje gå glipp av. Her skal Frøkedal & Familien presentere nye og gamle hits i fullfamilie-format. Bandet vil, foruten Frøkedal sjølv, bestå av Olav Christer Rossebø (feler, mandola), Selma French Bolstad (feler, vokal), Erlend Ringseth (keys) og Elisabeth Mørland Nesset (trommer, vokal).

Sist oppdatert: 06/23/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt