Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Fredag 21. juni 2024: Musikkcruise med dampskipet «Stord I» på Byfjorden med toradargruppa «Småradarane» frå Osterøy. Avgang Holbergskaien kl. 19.00, tilbake til kai ca. kl. 22.00.

D/S Stord I har avgang frå Holbergskaien kl. 19.00 for «Toradarcruiese» på Byfjorden i 3 timar. Ombordstiging frå kl. 18.00 og då opnar restaurasjonen for servering av mat og drikke.
Førehandssal av billetter på: https://stord1.ticketco.events/ og på nettstaden: www.Stord1.no.                                  
Ordinær pris kr. 390,00, Bt-fordelspris kr. 310,00.

"Småradarane" er ei toradargruppe frå det fine folkemusikkmiljøet på Osterøy som saman med resten av toradargjengen og felegjengen heiter Osterøy spel- og dansarlag. Namnet Småradarane speglar alderen på gjengen då dei starta opp med å spele toradar og blei til ei "gruppe på 1990-talet. Dei er ikkje lengre små, men like ivrige på spelinga, og gruppa består no av 11 toradarspelarar, 1 gitarist og 1 bassist. For det meste går det i gamaldans, men dei har også litt anna som f.eks. swing og bygdedans på repertoaret. Ta gjerne ein titt på facebooksida til Småradarane og Osterøybelgen. Osterøybelgen er den samlande gruppa for alle som spelar toradar på Osterøy, og det er nok her de finn mest bilde og videosnuttar av begge gruppene.

Sist oppdatert: 04/21/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt