Fuglane
Gjer deg klar for ei visuell og gripande oppleving! Billettane er no lagt ut!
Varigheit Ca 2 timar
Fuglane bygger på ein av dei vakraste romanane i verda. Forteljinga om Mattis «Tusten» er fortalt med ei enorm menneskeleg innsikt.
Gjennom Mattis sitt barnlege og fordomsfrie sinn blir vi med på innsida av eit liv i utanforskap. Mattis er annleis. Det har ein sosial kostnad som skal få ein tragisk slutt.
Med bruk av alle teateret sine verkemiddel, tek vi deg med inn i draumane, tankane og fantasien til Mattis.
Med Fuglane vil vi skape ei oppleving som vil sitje att lenge etter framsyninga er over.
Av: Tarjei Vesaas
Regi: Ida Høy
Scenograf/kostyme: Olga Regitze Dyrløv Høegh
Lysdesign: Randiane Sandboe
Musikk: Odin Staveland
Skodespelarar: Henrik Bjelland, Endre Hellestveit, Irene Waage, Sigmund Njøs Hovind, Vilde Biserød Vengnes
Les BT intervju (26. september) med Endre Hellestveit her
Sist oppdatert: 01/25/2025
Kilde: Visit Bergen
Fuglane