VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland STORD

GAMMALGRASS - AVLYST

Overview

KONSERTEN ER DIVERRE AVLYST.

 

Genial musikalsk humor som må opplevast
Stord Jazzklubb inviterer inn til nytt jazzår i nye lokaliteter på Stord Hotell laurdag kveld 16. januar med bandet Gammalgrass. Trioen Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan er kvar for seg markante musikarar innan jazz og nærliggande musikk. Då dei gjekk saman i trioen Gammalgrass, oppdaga dei at norsk gammaldans på mange måtar var overraskande lik tradisjonell bluesgrass-musikk.
Stian Carstensen er mest kjend som frontfigur i bandet Farmers Market. Han er ein multiinstrumentalist, og spelar m.a. trekkspel, gitar, banjo, bulgarsk fløyte og sekkepipe. Gammalgrass er med andre ord ein virtuos, genial miks av musikk og humor, presentert av tre musikarar som set kvarandre i stemne både verbalt og musikalsk. Med stort overskot og enorm leikelyst serverer dei den herlegaste salongmusikk du kan tenkja deg, med innslag frå kvar ein krik og krok i Europa og frå samtlege musikalske sjangrar. Dette er verdsklasse, og ingen konsert med dette trekløveret er den andre lik.
Dette er ein konsert alle jazzinteresserte på Stord og omegn bør få med seg. På grunn av koronarestriksjonar er det berre plass til 50 personar på kvar konsert, men for at flest mogleg skal få med seg konserten, vil trioen ha to konsertar i løpet av kvelden.
Det nye samarbeidet med Stord Hotell gjer at du no kan kombinera musikk med eit måltid i restauranten før eller etter konserten.
Stian Carstensen – accordion, banjo, pedalsteel, gitar
Ola Kvernberg – fiolin, viola, mandolin
Ole Morten Vågan – bass

  • Last Updated: 05.01.2021
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Dates

lø. 16. januar 2021 21:00 22:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
GAMMALGRASS - AVLYST
Your Recently Viewed Pages