Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

GLITTER, K*K OG SANG - med Harm og Hegseth

Harm og Hegseth presenterer: GLITTER, K*K OG SANG

Livet blir betre hvis ein drøymer seg litt bort. Det kjennest godt å dømme noko ein kjendis har sagt eller gjort. Når eit krigsherja land blir lagt i ruinar, er det fint å sjå på bloggarane sine renserutinar. Når verda blir ramma av ein pandemi, bingar vi sesongar med Sex og singelliv. Medan autoritære verdsleiarar truar sjølve demokratiet, er det digg å bli forbanna på Sophie Elise.

Harm & Hegseth har gleda av å presentere showet «GLITTER, K*K OG SANG». Etter fleire år med utselde livepoddar har vi bestemt oss for å uppe gamet og gje dykk eit show de seint (kanskje aldri) vil gløyme. Vi lovar god stemning, dans, song, litt rapping (det blir ikkje flaut, vi lovar) og masse kødd og sladder! Synest du verda er for mørk og dagen for lang? Det kan heldigvis kurerast med glitter, k*k og sang!

Sist oppdatert: 11/29/2023

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt