Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Stavanger

Gorrlaus #2- konsert med Hans P. Kjorstad/Rasmus Kjorstad og Johanne Flottorp

Overview

Brørne Hans P. og Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen og Johanne Flottorp fra Telemark.

Brørne Hans P. og Rasmus Kjorstad frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen speler tradisjonelle slåttar på ein fengande og upolert måte. Med rein tonalitet, delikate strøkfigurar og nyansert bruk av dei ulike klangfargane frå felene sine framstår dei som gamalmodige tolkare av folkemusikken. 
I oktober 2016 gav dei ut debutplata si, «Pusinshi Ulla», som fekk mange gode kritikkar og Folkelarmpris i kategorien åpen klasse. Dei spelar elles saman med musikarar som Anders Røine, Hans Hulbækmo og Torgeir Vassvik. Etter meir enn 50 konsertar med ulike prosjekt dei siste åra, både innan- og utanskjærs, kjem brørne både samspelte og ivrige til sin fyrste konsert saman i Stavanger!

Johanne Flottorp frå Åmli speler slåttar frå Tovdal, Setesdal og Vest-Telemark.Ho har spelt fele sidan ho var 6 år og studert hjå fleire spelemenn. Mellom anna har ho lært av den legendariske Salve Austenå frå Tovdal. Musikken frå Tovdal og Setesdal ber ofte kjenneteikn av eit suggererande og rytmisk spel.
Johanne gav hausten 2018 ut si første soloplate på Ta:lik. Spelestilen hennar er energisk og kraftfull. Ho har si eiga stemme i slåttespelet, og dette legg ho til grunn i alt ho gjer. Samstundes tek ho òg vare på dei slåtteformane som kjeldene og læremeistrane har jobba fram. Johanne er ein aktiv musikar som no er busett i hovudstaden og ho speler i fleire band både innanfor tradisjonsmusikk og populærmusikk.

Gorrlaus er støtta av Stavanger Kommune.

  • Last Updated: 08.04.2019
  • Source: Region Stavanger
Dates

to. 2. mai 2019 20:00 23:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Gorrlaus #2- konsert med Hans P. Kjorstad/Rasmus Kjorstad og Johanne Flottorp
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad