Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Hallingdal Ål

Gråtende hender v/ Teater Manu

Overview

Kva skjedde med døve i Hitler sitt Tyskland? Kva skjedde med døve og funksjonshemma, både i tida før og under den 2. verdskrigen? Kva slag redsler og ufatteleg vondskap vart menneske utsette for?

Tragiske lagnader frå andre verdskrigen blir blottlagt i Teater Manu si utradisjonelle teaterforestilling. Temaet er omfattande og ukjent for dei fleste.

Teater Manu har gjennom åra opparbeidd seg eit omfattande arkiv av dokumentarisk materiale, og har gjennomført intervju med overlevande frå Holocaust. Teatret har også henta inspirasjon frå Holocaustmuseet i Jerusalem, Oslo og Berlin. Denne historia er viktig for forståinga av ideen om «det reine og perfekte lytefrie menneske» - som var ein del av ideologien til nazismen. Korleis starta det? Det er mange spørsmål. Svara er ikkje enkle. Det viktigaste er at me prøver å forstå - og at me spør oss: Kan det skje igjen?  

Forestillinga er å rekne som eit doku-drama, der projeksjonar og ein forteljar supplerer skodespelarane med faktaopplysningar. Skuespelarane ber fram historier på vegne av mange enkeltlagnader, alt fletta saman til ei forteljing.

Manus og regi er ved Bentein Baardson, og på scena møter me Ronny Patrick Jacobsen, Ipek D. Mehlum og Eitan Zuckermann. Stemmeskodespelar: Kjersti Fjeldstad.

  • Last Updated: 18.12.2017
  • Source: Hallingdal Reiseliv
Dates

tors 8. februar 2018 19:00

See All
Gråtende hender v/ Teater Manu
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad