VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Vestland STORD

Greg Niemczuk "Hyllest til Beethoven"

Overview

Stord kulturhus markerer Ludvig van Beethoven sitt 250 års jubileum.

I år er det 250 år sidan Ludvig van Beethoven blei fødd og dette vil bli feira over hele verda – også på Stord! Den polske meisterpianisten Greg Niemczuk skal markera denne komponistgiganten. Han gjer det ved å henta fram ein del av Beethoven sine musikalske høgdepunkt og mest kjente og mest populære verk for piano.

Greg Niemczuk er ein av de fremste yngre pianistane i Polen. Han er fødd i 1985 og gjekk ut frå musikkakademiet i Katowice med høgaste utmerking. No har pianisten heile verda som sitt virkefelt. Han har konsertert i dei fleste europeiske land – likså i Amerika, Asia, Afrika og Australia

I 2010 vann han 1. pris i den store Chopin-konkurransen i Warszawa og han blir no sett på som ein av verdas fremste Chopintolkarar. I januar 2013 vann han Carnegie Halls debutantpris i skarp konkurranse med mange av verdas fremste instrumentalistar. Greg Niemczuk har alt eit stort internasjonalt namn. I sin korte karriere har han spelt med fleire av verdas fremste symfoniorkester. Han har spelt konsertar i Noreg kvart år sidan 2010 og skal under denne vårturnéen halda 16 konsertar her i landet.

Sjølv om Greg Niemczuk er mest kjent som Chopin-tolker elskar han å spela og tolka Beethoven. Og den store tyske komponisten har ikkje minst ein spesiell plass i hjarta til Greg. Han har t,d. alle Beethoven sine pianokonsertar på sitt repertoar.

Greg Niemczuk får stadig større fotfeste i Norge. Han er ikkje berre ein eminent pianist, han er også en unik pedagog og kåsør og held årlige meisterklassar ved Universitetet i Kristiansand og ved Norges Musikkhøgskole. Som alltid når han konserterer, vil han også denne gongen fortellja om den musikken han skal framføra. Dette gjer ein konsert med Greg Niemczuk til ei heilt spesiell og givande oppleving.

  • Last Updated: 27.02.2020
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Dates

ti. 12. mai 2020 19:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Greg Niemczuk "Hyllest til Beethoven"
Your Recently Viewed Pages