Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Geirangerfjorden STRANDA

Greg Niemzcuk - Beethoven 250 år

Overview

Greg Niemczuk har gjesta Storfjord kulturhus dei 2 siste åra med aukande publikumsoppslutning. Konsertene han har halde har vore «Chopin i ord og tonar» og «Frå Polen til Norge – ei musikalsk reise». Denne gongen er det Beethoven som står på programmet.

 

 

https://youtu.be/sO2BhB6WbnI

 

I 2020 er det 250 år sidan Ludvig van Beethoven vart fødd og dette jubileet vil bli feira over heile verda – også i Stranda, og Greg Niemczuk vil sjølvsagt være med å markere denne giganten innan den klassiske musikken.

 

Greg gjer det ved å hente fram ein del av Beethoven sine mest kjende og mest populære verk for piano. Sjølv om Greg er mest kjend som Chopin-tolkar elskar han å spele og tolke Beethoven. Og den store, tyske komponisten har ein særskild plass i Greg sitt hjarte. Han har til dømes alle Beethoven sine pianokonsertar på repertoaret sitt. Sist haust var Greg for øvrig solist i Beethoven sin 5. klaverkonsert – «Keiserkonserten» - med eit symfoniorkester i Ecuador.

 

Sjølv om Greg turnérer og spelar heile verda rundt – særskilt i Kina, Japan og Sør-Amerika - har han fått stor tilknyting og kjærleik til Noreg. Sesongen 2019/2020 gjennomfører han heile 3 store turnéar her i landet og held til saman over 30 opne konsertar – i tillegg til skulekonsertar og meisterklasser. Dette gjer Greg Niemczuk uoffisielt til den mest turnerande pianisten i Noreg.

Greg får stadig større fotfeste, og overalt der han spelar blir han invitert attende. Hovedgrunnen er naturlegvis at han er ein så eineståande, gåverik og dyktig pianist, men også fordi han er ein hyggeleg kar: venleg, open, utadvendt, alltid smilande, oppglødd, glad i menneske, smålåten og takksam for alt – elska og høgt respektert kvar enn han kjem.

Sjølv om Greg turnérer og
spelar heile verda rundt – særskilt i Kina, Japan og Sør-Amerika - har han fått stor tilknyting og kjærleik til Noreg. Sesongen 2019/2020 gjennomfører
han heile 3 store turnéar her i landet og held til saman over 30 opne
konsertar – i tillegg til skulekonsertar og meisterklasser. Dette gjer
Greg Niemczuk uoffisielt til den mest turnerande pianisten i Noreg.
Greg får stadig større
fotfeste, og overalt der han spelar blir han invitert attende. Hovedgrunnen er naturlegvis at han
er ein så eineståande, gåverik og dyktig pianist, men også fordi han er ein hyggeleg kar: venleg, open, utadvendt, alltid smilande, oppglødd, glad i
menneske, smålåten og takksam for alt – elska og høgt respektert kvar enn han kjem.
1.avdeling
"Til Elise" : Bagatelle nr. 35 a-moll
WoO 59"Måneskinn-sonanten»: nr. 14 i ciss moll - op. 27 nr. 21. Adagio sostenuto2. Allegretto3. Presto agitato"Pathétique-sonaten": op.13 i ciss-moll –1.Grave – Allegro di
molto e con brio2.Adagio cantabile3.Rondo: Allegro15 minutt pause2.
avdeling„Eroica-variasjoner" ; 15 variasjonar og fuge
over  tema i «Eroica»-symfonien op. 35«Rondo a capriccio" - op. 129 G-dur        "Tyrkisk marsj" – op. 113 nr. 4«Skjebnesymfonien» - symfoni nr. 5 c-moll
op. 67transkripsjon av Franz
Liszt.

  • Last Updated: 24.01.2020
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre
Dates

ti. 5. mai 2020 19:00 20:30

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Greg Niemzcuk - Beethoven 250 år
Your Recently Viewed Pages