Dynamic Variation:
Book
Choose Language
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Eastern Norway Gjøvik Gran

Grethe Fatima Syéd fortel om Olav Duun

Overview

Hadeland Litteraturforum har invitert Grethe Fatima Syéd til å introdusere Olav Duun for oss. Forumet har valt Duun som ein av våre "litterære kanoner" etter at Fritt Ord utfordra oss til å finne forfattarar som er aktuelle i vår samtid.

Grethe F. Syed er fødd i 1968. Ho har arbeidd med Olav Duun i fleire år og tok doktorgraden på tekstene hans i 2012. I boka "Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter" introduserar ho lesing om tema og motiv som står sentralt, men som aldri er blitt løfta fram som dei blir her. I boka trekker ho trådar fram til vår tid, for å vise kvifor vi fortsatt skal lese Olav Duun.

Grethe F. Syéd:" Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter"

Det er mange måtar å lese Olav Duun på, seier Syéd: Han er både actionforfattar, tradisjonsformidlar og ein skarp tolkar av menneskesinnet. Blant hans viktigaste tema er kunsten, døden og kjærleiken. Desse slutta han aldri å nærme seg med undring, blikk for det motsetningsfulle og brodd mot alt som smakar av tru på autoritetar. Kvaltitetane i tekstane – humoren, djervskapen, viljen til å vere tru mot sanninga og stilen er gjennomgåande, uansett korleis ein ser forfattarskapen hans.
"Olav Duun. Kunsten, døden og kjærlighetens dikter" kjem inn på alle Duun sine mest kjende verk, som i tillegg til seksbindsromanen "Juvikfolke" (1918-23) er "Medmenneske" (1929) og "Menneske og maktene" (1938). Boka gir likevel størst plass til mindre kjende sider ved forfattarskapet hans. Ho er driven av ein djup kjærleik til både Duun og annan litteratur og skrive for å løfte opp litteraturens måte å tale til oss på; innsikt som ikkje let seg uttrykke i noko anna språk. Her blir vi kjende med den eigenrådige Sigyn i "Nøkksjølia" (1910) og "Sigyn" (1913), den undergangsdømde Petra i "Harald" (1915), stribukken Frigg i "Det gode samvite" (1916), fanatikaren Martin Brudalen i På Lyngsøya (1917), den lidenskapelege Gudrun i Gud smiler (1935) og ikkje minst kunstnaren, melankolikaren og elskaren Ola Håberg, ein av dei mest fasinerande skikkelsane i norsk litteratur.
Boka er ei innføring i Duuns forfattarskap, ei nyskapande lesing som gir oss biografisk stoff som ikkje har vore offentleggjort før.

Vi gler oss!

Arrangør: Hadeland Litteraturforum
Kilde: Hadeland Gå til kalender
Legg inn arrangement

  • Last Updated: 19.04.2018
  • Source: Kulturnett Oppland
Dates

ons 25. april 2018 19:00 20:30

See All
Grethe Fatima Syéd fortel om Olav Duun
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad