Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Håsong kunstfestival

Mer info

Ein intim éindagsfestival med fokus på kulturhistorie, kunst-, musikk- og mat-opplevingar av høg kvalitet. Særeigne arenaer som ombygd kiste- og møbelverkstad, gammal smie, naust, kyrkje, treskofabrikk og eit dampskip(!), i den idylliske, vesle bygda Hosanger på Osterøy.

Dagen startar med utandørs yoga, performance og drop-in badstove, og så går det slag i slag! Eit mylder av spennande, rare og artige performancar både utandørs og innandørs, eventyrfarging for born og unge, utstillingsopning, aktivitetshefte, open treskoverkstad, fargeflyt og fantasileik, kyrkjekonsert med The Last Hurrah (!!) Big Band (14:00), foredrag, nærsyn av Oster, og heilt til slutt avsluttar me med ein knall dobbelkonsert med Sarah Jory og Bearfarm på Landhandleriet. (19:30 + 21:00)

Heile 13 kunstnarar er i sving denne dagen:

Kurt Johannessen, Ingeborg Blom Andersskog, Bjørn Venø, Anette Friedrich Johannessen, Eva Ballo & Inga Skålnes, Robert Carter, The Stitch Project v/ Marie Skeie og Kiyoshi Yamamoto, Grethe Unstad, Brit Bøhme, Anne Knutsdatter Wille og Simen Langeland.

Performancekunst: kl.10-19
Utstillingar: kl 12-18
The Stitch Project: kl.14-17
Eventyrfarging (plantefarging) med Osterøy Museum (for barn og unge): kl.11-15
Fargeflyt og fantasileik (for barn og unge): kl.13.00 - 14.45 og kl. 15.15 -17.00
Nærsyn DS Oster: kl.12-17
Treretters middag i Fjærå Sjøhus (to bordsetjingar): kl.14 og kl.17
Badstove: kl.10-18 (drop-in)
Yoga på kaien: Kl.09-10.30

Alt skjer på Hosanger innanfor kort gangavstand.

Godtfolk må ha mat, og dei to proffe kokkane Torjus Raknes og Petter Beyer passar på at besøkande får gode smaksopplevingar! Mellom anna kan du reservera bord på Fjærå Sjøhus, og få servert trerettars middag laga av lokale råvarer. Nam! Også på Mjøsvågen Landhandleri og Mjøsvågen kafé blir det matservering og topp stemning.

Transport fra Bergen:

Kl 09.30 kan reisande frå Bergen ta sjøvegen med sjølvaste "gamle dampen", ærverdige DS Oster, til Hosanger. Me set også opp festivalbuss frå Arna til Hosanger kl 1215, frå Hosanger til Arna kl 1715. Mellom Arna og Bergen går det tog kvart 15. minutt. I tillegg set me opp festivalbuss frå Hosanger heilt til Bergen kl 2330, etter siste konsert. Alt dette i tillegg til ordinære rutebussar.

BIlletter kan du kjøpe her.

Sist oppdatert: 05/02/2024

Kilde: Visit Bergen

Sider du nylig har besøkt