Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Høyangerdagane

Velkomen til torgdagar i Høyanger sentrum!

Kjøp billetter her
Høyangerdagane
Høyangerdagane
Høyanger inviterar til marknad

Vi inviterer lokale og tilreisande handelsfolk, lag, organisasjonar og butikkar til to dagar med marknad, bodar og aktivitetar midt i hjartet av Høyanger tettstad. Her møtast folk frå fjern og nær til torghandel med boder, mat, underhaldning, konsertar og aktivitetar for både store og små.

Under Høyangerdagane blir sentrum fylt med liv og god stemning. Med basen i sentrum blir arrangementet lett tilgjengeleg for alle, enten du vil handle, sjå, smake eller berre vandre rundt og kjenne på stemninga. Dette vil vere ei helg fylt med liv, kultur og opplevingar for heile familien.

Med vakre fjord- og fjellomgjevnader som kulisse får du ei unik blanding av opplevingar i ekte vestlandsidyll. Kom og opplev gode smakar, unike varer og livleg torghandel, vi lovar deg minnerike dagar i hjartet av Sognefjorden!

Billetter

Sist oppdatert: 10/03/2025

Kilde: Visit Sognefjord AS

Høyangerdagane

Billetter

Sider du nylig har besøkt