Skip to main content
Unknown Component
civid: 5d09e5650d656ad7a7d9abce
name: plugins_common_social_share (widget)

Hans Gjesme: Gal og genial?

Mer info

Stemmer myten om den gale og geniale kunstnaren? Kunstnaren Hans Gjesme (1904-1994) frå Lærdal vart paranoid schizofren og tvangsinnlagt på Gaustad psykiatriske sjukehus i 1955. Der budde han heilt fram til 1971. Han la ikkje ned kunstnarskapet sitt der inne, tvert imot. I denne store utstillinga får du eit innblikk i Gjesme sine verk frå denne tida.

Då han vart lagt inn, stoppa ei lovande karriere tilsynelatande opp. Den mykje utstilte målaren forsvann frå offentlegheita. Men inne på Gaustad i Oslo jobba Gjesme vidare. På veggane ved Sogn Kunstsenter stiller vi ut nærare 100 høgdepunkt frå dei 16 åra bak lukka dører. Fleirtalet av bilda har aldri vore vist fram offentleg før.

Kunstnaren lei av ein sjukdom der det til tider er vanskeleg å skilje kva som er verkeleg og ikkje. I denne tilstanden, ofte med «styggen på ryggen», skapte han sterke og kjenslevare bilete. Verka står ikkje attende for det han laga dei siste tiåra før han vart lagt inn. Og dei gjev eit meir nyansert og sjeldan innblikk i korleis det var å vere psykisk sjuk og kunstnar.

Sist oppdatert: 06/19/2024

Kilde: Visit Sognefjord AS

Sider du nylig har besøkt