Haugespor - Utsyn misjonssenter
Haugespor er tilbake! Bli med på en humoristisk forestilling om Hans Nielsen Hauge. Legg til ettermiddagsmat ved billettbestilling.
Kjøp billetter herHaugespor – skaparånd, spetakkel og strikkepinnar
Suksessen frå 2021 er tilbake. Få med deg «Haugespor» på Utsyn Misjonssenter på Finnøy, der du får le, læra og bli riven med i ei gnistrande førestilling om vår store samfunnsbyggjar Hans Nielsen Hauge. Ryfylke Livsgnist presenterer eit historisk, humoristisk og musikalsk skråblikk på haugerørsla, 200 år etter at Hauge la ned vandrarstaven for godt. Mange forteljingar og hyppige sceneskift blir vikla inn i eit garnnøste av ei historie. Fire skodespelarar speler 30 roller, og syter for at latterkulene, undringa og klumpen i halsen kjem tett.
Ved billettbestilling kan du også leggja til "Ettermiddagsmat på Utsyn"; nybakt valnøttbrød med heimelaga syltetøy, ost, spekemat og eggerøre, og kanelboller. Det blir servert kl. 17.
Aktørar: Svanhild Eggebø Spanne, Silje Vignes Flesjå, Tolli Frestad, Tor Øyvind Skeiseid, samt og musikalsk ansvarleg og komponist Aril Schøld.
Sist oppdatert: 10/11/2024
Kilde: Region Stavanger
Haugespor - Utsyn misjonssenter