Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway
Gloppen

Havboka

Overview

Når mennesket gråter, er tårene salte. Kommer også vi fra havet?

I ein liten båt langt ute på Vestfjorden sit forfatteren og hans venn. Under dei, langt nede i havdjupet, har håkjerringa sitt rike. Det er denne haifisken de to har bestemt seg for å fange - eit uhyre som kan være meir enn fem hundre år gamal, og som i mangt er mennesket overlegent. Kva slags møte blir dette?

Det er utgangspunktet for boksuksessen Havboka.

Frå si havn på den lille øya Skrova i Lofoten utforskar Morten Strøksnes vårt forhold til havet. Og han har eit uendelig rikt stoff å hente ut av, frå sagn, myter og gamle krøniker, til reiseskildringer, vitenskapelige skrifter og diktning frå mange kulturar. Resultatet er ei blanding av kunnskapsbok og fiskeskrøner, som har motteke ei rekke prisar og fått fantastiske kritikker verda over. Den er også blitt lest av nærare 100 000 nordmenn, og er oversatt til 30 språk.

For oss som bur her i dette vidunderlige kyst-landet har havet ein heilt eigen betyding, og for Strøksnes blir det ei ustoppelig kjelde til undring, innsikt og fantastiske eventyr, medan han spør seg: Når mer enn to tredjedelar av jordas overflate er dekkt av saltvatn - kvifor kaller vi ikkje like godt kloden vår for Havet?

Når Riksteatret og Nationaltheatret går saman om å gjere Havboka til teater, er det Ole Anders Tandberg som står ansvarlig for dramatisering og regi. På Nationaltheatret har han en rekke navngjetne dramatiseringer bak seg, og på Riksteatret gjorde han nyleg stor suksess med teaterversjonen av Karl Ove Knausgårds Min kamp.

På scena i vår teaterversjon står Nationaltheatret sin skodespelar Jan Sælid – der han skal gje skikkelse til både menneske og håkjerring

  • Last Updated: 18.01.2019
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord
Dates

fr. 29. mars 2019 19:00 21:00

See All
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
Havboka
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad